Viva Basket! Fletteutstilling i Galleri Losjen

Førstkomande søndag er det duka for ny utstilling i Galleri Losjen, denne gongen er det fletteutstillinga Viva Basket!

Det er kultursjef Bente Bjelland som melder dette i dag. Utstillinga er ein del av prosjektet «Viva Basket! – korgfletting som ein levande tradisjon i samband med UNESCO sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven.

Fletting er ein av dei eldste handverksteknikkane me kjenner og blir brukt av folk over heile verda. På denne måten lagar folk produkt til å sanka og oppbevara ting i, fiskereiskapar, gjerde, hytter, møblar, vogner og mykje anna.

Gjennom prosjektet «Viva Basket!» leitar Sunnhordland museum, saman med Søreskogen pil i Vindafjord og organisasjonen Serfenta Association i Polen, opp att gamle lokale fletteteknikar og dokumenterer dei.

Utstillinga søndag ettermiddag blir opna av varaordførar Agnar Aarskog. Det bli enkel servering, og underhaldning ved Magnhild Halland.

Nærare opplysning kan du finna på heimesida til Fitjar kommune, www.fitjar.kommune.no.