Blide målarar i ballbingen utanfor Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag føremiddag. Foto: Kjetil Rydland.

Ivrige målarar frå fjerne strok

I ballbingen utanfor Fitjar kultur- og idrettbygg møtte me på tre arbeidsglade målarar i går føremiddag.

Alle tre har blitt busette i Fitjar siste året etter å ha komme hit som flyktningar. Brørne Ahmed og Fahed er frå Syria, og kom til Noreg og Fitjar ein våt, sur og mørk desemberdag for eit halvt år sidan. I går var vêret mykje trivelegare, og særs godt eigna til måling. Med seg hadde dei fått Natnael Goitom frå Eritrea. Han kom til Fitjar for ikkje så lenge sidan. 

Dei tre nyinnflytta fitjarbuane har gått på norskundervisning på vaksenopplæringa, som held til i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her har dei etter kvart fått god kontakt med dagleg leiar Ole Bergesen. Han fortel til Fitjarposten at han har god dialog med ungdommane, og dei er svært ivrige etter å jobba. Derfor har han gitt dei ymse førefallande arbeid, som å måla i ballbingen. 

Ahmed er eldst av dei tre, og han fortel at han har erfaring med måling frå heimlandet. Rettleiing i det praktiske arbeidet får dei av Tormod Bergesen, som ser ut til å vera godt fornøgd med arbeidshjelpa. 


Tormod Bergesen seier at dei treng litt rettleiing undervegs. Foto: Kjetil Rydland.

I neste veke skal dei tre ungdommane vera med og hjelpa til på TINE fotballskule, fortel Ole Bergesen. I år er det 15. gongen fotballgruppa i Fitjar Idrettslag skipar til denne fotballskulen, etter oppstarten i 2002. Med rundt 100 unge og håpefulle fotballspelarar krev dette arrangementet eit stort apparat, og Ole Bergesen reknar med å få god hjelp av desse vaksne gutane.