Ivrige fiskarar i Rossneset på jonsokafta. Foto: Torbjørn Hovland.

Fiskekonkurranse i Rossneset

Frå Torbjørn Hovland har me fått dette biletet frå jonsokfeiringa i Rossneset i kveld.

Han fortel vidare:

«I samband med eit svært triveleg St. Hans-arrangement ved nausta i Rossneset vart det arrangert fiskekonkurranse med premie for størst og flest fisk.

Fangsten var kanskje ikkje så imponerande, men desse unge deltakarane kjem trueg sterkt tilbake.

Takk til Eline Aarskog og Gro Hatlevik for tilrigging, kjekke konkurransar og familievenleg grillkos.

Og ikkje minst: Stor takk til Karl Sandvik for eit makalaust flott byggjefelt med høg kvalitet i alle ledd. Me er hedige som har ein samfunnsbyggjar med slike visjonar, pågangsmot og gjennomføringkraft.»

Fitjarposten tek gjerne imot fleire rapportar frå årets jonsokfeiring.