Harald Johan Sandvik losa dei nye guidane gjennom kulturløypa, her framfor statuen over Håkon den gode. Foto: Kjetil Rydland.

I Håkon den gode sine fotefar

Kulturkontoret i Fitjar kommune set i gang att med guida turar i kulturløypa som blei klar til jubileet for Håkonarminnet i 2011.

Kvar onsdag i skuleferien vil ein guide i håkonarspelkostyme bli med turistar og andre interesserte på ei historisk vandring til Håkonarparken, Kongsbrunnen, Fitjar kyrkje og til Rimsvarden. Første tur blir allereie onsdag i neste veke, dersom det melder seg deltakarar.


Harald Johan Sandvik med dei nye kulturløypeguidane Johannes Olsen t.v. og Lisa Instefjord Gilje. Foto: Kjetil Rydland.

Derfor hasta det med å førebu dei nye guidane til jobben, og i dag stilte Harald Johan opp som «guideguide» for å visa korleis jobben kan gjerast. Han hadde og med seg forfattar av det omfattande manuset, Magnar Kloster. Vel halvannan time brukte følgjet på turen.

Dei nye guidane i år er Lisa Instefjord Gilje og Johannes Olsen. I tillegg var hadde Linn Camilla Fitjar Neergård ved kulturkontoret fått med nokre reservar som har lova å stilla opp om dei faste ikkje har høve.

Harald Johan Sandvik har ein god del erfaring med guiding på ulike språk, og tilhøyrarane fekk ei levande skildring av den rike soga til Fitjar. 

 Prisar og annan informasjon kan du finna på heimesida til Fitjar kommune, www.fitjar.kommune.no


Guidemanusforfattar Magnar Kloster hjelper Johannes Olsen med å finna ut av området rundt Kongsbrunnen. Foto: Kjetil Rydland.