Biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen med plakat for sommarmysteriet Kven stal Mjølner? Foto: Kjetil Rydland 

Er du med på Sommarles?

Biblioteksjef Silje Torbjørnsen fortel at eit fleirtal av ungane i Fitjar har registrert seg som deltakarar i lesekampanjen Sommales 2016.

Biblioteksjefen er godt fornøgd med interessa blant fitjarbarna. I Fitjar er heile 185 barn reistrerte i Sommarles 2016; det utgjer over 60 % av alle barn i målgruppa. Dette er ein lesekampanje for 1. til 7. klassesteg, dvs. at komande førsteklassingar er med, og kvart årssteg til og med dei som gjekk ut av 7. klasse i vår. På landsbasis er rundt 200 kommunar med på ordninga, som blei utvikla av Vestfold fylkesbibliotek. I Hordaland er alle kommunane med. 

For å vera med må deltakarane laga seg brukar på internett, noko som ikkje ser ut til å vera noko problem for dei unge leselystne, seier biblioteksjefen. Etter kvart som ungane les, registrerer dei bøkene på internett, og får poeng etter antal lesne sider. Dei yngste får fleire poeng per side enn dei eldre. 

Målet med denne lesekampanjen er naturlegvis å spreia leseglede. Noko biblioteksjefen vonar ho har lukkast bra med. – Tilbakemeldingane frå foreldra er gode, seier ho. Mange ungar har fått eit kick. – No les ungane! seier foreldra. 

På nettsida til Sommarles er det ymse spanande aktivitetar i tillegg. Annakvar veke blir det sleppt eit nytt kapittel av årets sommarmysterium Kven stal Mjølner? Her er ulike oppgåver som ungane skal løysa. Dei får spørsmål etter kodeord som dei skal fylla inn, frå og med måndag 27. juni og kvar 14. dag framover blir det lagt ut eit nytt kodeord på Facebook-sida til Fitjar folkebibliotek. 

Etter kvart som dei arbeider seg oppover, når dei ulike level (nivå) og gjer seg fortent til kule premiar. Det er allereie fleire som har nådd level 5 og 10, fortel biblioteksjefen. Dei som når nye nivå i løpet av sommaren, kan henta seg ein premie på biblioteket når det opnar att 8. august. Dei som ikkje klarer å venta så lenge, kan dra til Leirvik og henta premien sin på Stord folkebibliotek. 

Alle som har vore med på lesekampanjen i sommar, blir inviterte til somarlesfest på biblioteket 20. september. Silje Torbjørnen freistar med besøk av ein tryllekunstnar i tillegg til Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll. 

I det siste har mange vore innom og «bunkra» bøker til sommarferien, slik at ikkje ungane skal sleppa opp for lesestoff i løpet av ferien. Det gjeld å ha noko å gjera om sommarvêret sviktar. Silje minner om at ymse slag lesestoff tel med, og at det går an å ta turen til Leirvik, eller låna lesestoff i dei tusen heimane i Fitjar. 

Biblioteksjefen er attende 8. august, og ønskjer god sommar.