Takksemda varmar

Lisbeth og Tore Eikeland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei siste dagane har det strøymt på med blomar til Lisbeth og Tore Eikeland. Torsdag takkar han av som kommunelege i Fitjar.

– Takksemda varmar. Det er svært gledeleg å merke at folk har sett pris på det me har gjort, seier dei – og syner oss ei rekkje blomar som har funne vegen inn til kontoret.

Og det er god grunn til å syne takksemd. Tore og Lisbeth Eikeland har så visst ikkje hatt nokon 9-16-jobb. Dei har starta dagen kl 07.00 og stadig vekk halde det gåande til både 18-19 om kvelden.  På mange måtar kan me kalle Tore Eikeland «den siste distriktslegen», ein lege som har vore tilgjengeleg i ordets beste forstand.

Dr. Tore Eikeland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Livsstil
Eikeland sjølv vil ikkje nytte ordet kall. – Det er vanskeleg å vite kva ein skal leggje i det ordet. Men det er rett at det  har blitt ein livsstil for meg å vere tilgjengeleg for folk som treng legehjelp, seier han.

Heile tida har han vore  allmennpraktiserande lege, og han angrar ikkje på det valet.

– Eg har riktig nok spøkt med at om eg hadde vore ung og begynt på nytt, så hadde eg kanskje blitt kirurg. Men eg angrar ikkje på valet om å bli allmennpraktikar. Det er allsidig og gjevande, og så eg har jo drive mykje kirurgi i dette arbeidet òg, smiler han mildt.

Og  det er det milde og rolege som pregar mannen som  har vore distriktslege i Fitjar i 34 år. Ikkje dei store faktene, men ei unik evne til å lytte til det pasienten har å seie.

I samtale med ein pasient. Foto: Håkon C. Hartvedt

Lisbeth har tatt blodprøve. Foto: Håkon C. Hartvedt

Oppdatert
Det er allment kjent i Fitjar at dataalderen ikkje heilt har teke over kontoret til kommunelegen i Rådhuset i Fitjar. Framleis skriv Tore Eikeland mykje for hand. Om nokon av den grunn skulle hevde at han ligg tilbake i kunnskap, tek dei fullstendig feil. Få legar har vore på så mange kurs som Tore Eikeland, og kona Lisbeth.

Tenkte først å bli dyrlege
Tore Eikeland er oppvaksen på eit småbruk  ved Sunde i Sunnhordland. Etter grunnskulen gjekk turen til gymnas i Øystese. Med tanke på vidare utdanning stod veterinær høgast i kurs i slutten av gymnastida då han begynte å tenkje på kva han skulle gjere etter den vidaregåande skulen. Han var heller ikkje framand for tanken om å bli tannlækjar. 

Men etter at han og nokre andre ungdommar hadde vore praktikantar på Haukeland eit år,  var det medisinstudiet som steig fram som det mest spennande.

Skulle vere på Fitjar eit par år
Etter turnusteneste og to år som distriktlege ønskte han seg tilbake til skjergarden og heimsleg natur. Han fekk jobb på Fitjar og tenkte at han kunne no vere her nokre år som ein start på legegjerninga si. Men så har det gått med han som med så mange andre utanfrå som har tenkt slik når dei kom til denne bygda. Dei vart verande.  

– Det har både med den flotte naturen og folket her å gjere, seier Eikeland.

Fleire generasjonar
– Du har vore lege i Fitjar for fleire generasjonar. Er det eit drawback eller ein styrke?

– Heilt klart ein styrke. Fleire sjukdommar, både fysiske og psykiske, syner seg i fleire slektsledd.

Fiske og reiser
– Kva tankar har du om at du skal pensjonera deg på torsdag?

– Det blir litt av ein overgang. Frå 150 % til 0 % jobb over natta. Men det har ikkje vore naturleg for meg å trappe ned litt etter litt, og den siste tida har det vore ekstra travelt. 

Svært mange har teke kontakt for å få fjerna føflekkar og få legehjelp for ymse andre problem før eg sluttar. Einskilde kveldar no har klokka nærma seg 21 før eg har vore ferdig med kvelden. Men på torsdag er det altså slutt. Så overgangen vert stor. 

Men eg likar å fiske. 

Så har eg hage.

Og ikkje minst: Eg likar svært godt å reise. 

Så det blir nok fleire og lengre turar til Kreta og Aten, seier Tore Eikeland smilande og kikkar bort på Lisbeth. Ho smiler ho og.

Ein epoke er over

Det er ikkje mange legar i dag som driv slik Tore Eikeland har gjort.

Vidare er det spesielt at berre to legar har husa kontoret i Fitjar rådhus dei siste 54 åra. Like eins at stolane som står på venterommet har stått der sidan dokter Mæland si tid.

Venterommet med stolane som har stått sidan dr. Mæland si tid. Foto: Håkon C. Hartvedt