Ikkje ein lyd å høyra frå Radio Fitjar denne veka, men i løpet av neste veke skal lokalradioen vera på lufta igjen.

Radio Fitjar taus til neste veke

Ole Haukeland i Radio Fitjar opplyser at lokalradioen blir taus nokre dagar.

Han opplyser at Radio Fitjar har stopp i sendingane denne og delar av neste veke.

Årsaka er at sendaren og sendeutstyret skal flyttast til masta på Storhaugen.

– Vi er blitt førespegla at utstyret skal vera på plass i slutten av neste veke, seier Haukeland.