Tore og Elisabeth Eikeland i kommunestyresalen i går. Foto: Harald Johan Sandvik.

Heider og takk til Elisabeth og Tore Eikeland

Dei vert pensjonistar ved utgangen av månaden, og vart takka for arbeidsinnsatsen sin i kommunestyret i går.

 

I kommunestyret i dag heidra ordførar Wenche Tislevoll dei to, som begge har svært lang tenestetid i kommunen. Tore har vore kommunelege i 34 år, og Elisabeth har vore medhjelparen hans på kontoret i 24 år!

Ordføraren la i talen vekt på at Tore har vore meir enn vanleg tilgjengeleg, og langt på veg fungert som legevakt i kommunen. Det at han kjenner bygdefolket, har vore både nyttig og trygt i mange situasjonar, ikkje minst på institusjonane.

Til Elisabeth sa ho ar det står alltid ei kvinne bak. Ho har vore svært dyktig i jobben, og har gong etter gong imponert med det gode minnet sitt, ho kjenner fødselsdagane til dei fleste i bygda!

Dei fekk ein fin plante som synleg takk frå kommunestyret.

Tore Eikeland takka for godt samarbeid gjennom mange år. Siste vekene er travle, og det har vore mange gode tilbakemeldingar frå pasientane.