Ei gruppe frå Fitjar Skulekorps spela før og etter minnetalen over Ove Gjerde. Foto: Harald Johan Sandvik.

Minneord om Ove Gjerde i kommunestyret

 

Ordføraren heldt minnetale over Ove Gjerde ved opninga av kommunestyremøtet i går.

Ved opninga av kommunestyret i går, møtte ei gruppe frå Fitjar Skulekorps saman med dirigenten, Svein Roger Koppang. Ordførar Wenche Tislevoll gratulerte dei med 8. plass i 1. divisjon brass-band. Det er historisk! De er mellom dei beste i landet! Dirigenten har ein stor del av æra for det!

Korpset spela både før og etter ordføraren sin minnetale over Ove Gjerde, som døydde brått 2. juni. Han var engasjert i det politiske livet i Fitjar frå 1979 og like til han døydde, og han var tilsett i kommunen frå 1977 til 2008. Skogbruk og viltforvaltning var hovudfelta hans. Det er ein engasjert samfunnsbyggjar som har gått bort, sa ordføraren.