Kommunestyret etterlyser løyvingar til Levåg-parsellen. Foto: Harald Johan Sandvik.

Høyringsuttale Nasjonal transportplan

Kommunestyret i Fitjar vedtok i går denne høyringsuttalen i høve Nasjonal transportplan, NTP, 2018–2029:

«E39 Stord–Bergen og E134 Haukeli er prioriterte prosjekt for Sunnhordland.

Dei to nemnde vegane er viktige for Vestlandet, men også nasjonalt. Fitjar strekar under at dei må få så høg prioritet i NTP som mogeleg. Planane for ferjefri E39 må følgjast opp. Samtidig vert løyvingar til Levåg-parsellen etterlyst. Det må finnast midlar til denne tidleg i perioden, sidan vegen enno i mange år vil vera hovudveg.»  

Uttalen vart samrøystes vedteken.