Fitjar kommune: Årsmelding og rekneskap 2015

Kommunestyret handsama i går tilbakeblikket på 2015.

Økonomistyringa har som vanleg vore prioritert høgt. Kommunen fekk eit bra økonomisk resultat i 2015, med ein netto resultatgrad på 2,31 % , medan kommunesektoren på landsbasis oppnådde 3 %. Ein bør ha minimum 1,75 % over tid for å oppretthalda ein forsvarleg økonomi. Disponibelt overskot etter fondstransaksjonar og overføringar er kr. 3.665.667, noko som er nær 2,4 mill. betre enn budsjett. Summen vart overført til disposisjonsfondet.

Lånegjelda er på 203,8 mill. Det er ca. kr. 64.900 pr. innbyggjar.

Vindmølleparken betalte kr. 8,4 mill. i eigedomsskatt.

Stikkord frå årsmeldinga:

Kommunereforma har prega det politiske arbeidet gjennom året.

Folketalet auka, og var ved årsskiftet 3.140.

Det er 352 tilsette, 295 av dei er kvinner.

Meir enn halvparten av leiarane i kommunen er kvinner.

Kommunen har busett 18 flyktningar fram til desember.

Næringslivet i Fitjar er det minst sårbare i Sunnhordland, og arbeidsløysa er dermed låg.

Adresseprosjektet er snart ferdig.

Arne Prestbø, H, kommenterte at dette var eit godt resultat! Ein har snutt minus til pluss. Likevel er disposisjonsfondet med rundt 10 mill. framleis for lite. Årsmeldinga fortel om eit aktivt i kommunen. Sjukefråværet  er lågt, og dei tilsette strekkjer seg langt!

Agnar Aarskog, AP, gav uttrykk for at rekneskap og årsmelding er svært positivt. Han nemnde særskilt brannvernet, som har flest utrykningar på medisinsk grunnlag. Dei har stor kompetanse på mange felt! Tenk eitt nytt punkt til neste årsmelding: Kor nøgde er brukarane med tenestene dei får?

Grete Marit Veka Maraas, SP, streka under at det er ei god årsmelding. Ho følgde opp Agnar Aarskog sine kommentarar til brannvernet, og gav uttrykk for at ho er imponert over kvalifikasjonane til mannskapa.

Det var handsama fleire andre meldingar i kommunestyremøtet i dag:

Melding om skatteinngangen per mai 2016 

Rekneskapsrapport for 1. kvartal 2016

Revisjonsrapport for psykisk helsearbeid og rusomsorg

Finansforvaltningsrapport 1. tertial 2016

Kvalitetsmelding for grunnskulen i Fitjar.