«Han innante» til Hatlevikbasaren


«Han innante» alias Toralf Nordbø. Foto: Håkon C. Hartvedt

Første laurdagen i juli er det klart for ny Hatlevikbasar. 

 

Hatlevikbasaren 2. juli er eit unikt kystkulturengasjement på Hatlevik i Fitjarøyane med god, gamaldags auksjon, song og musikk og gratis bakst og kaffi. Inntekta går til Betelskipet «Elieser 6» og Den indre sjømannsmisjon.  

I år vert Toralf Nordbø alias « Han Innante» med på basaren, noko han har vore, med stor suksess, tidlegare og. Auksjonarius i år som i fjor er Halvard Møgster.

Frå Hatlevikbasaren. Foto: Håkon C. Hartvedt