Nei til kommunesamanslåing

I møtet i dag sa kommunestyret eit klårt nei til å gå saman med Stord.

Vedtaket, som fekk 16 røyster, lyder slik: Fitjar kommune seier nei til kommunesamanslåing med Stord. Fitjar kommune vil vera positiv til framtidige drøftingar med fleire kommunar i Sunnhordland.

Sigurd André Maraas, FrP, var en einaste som røysta mot framlegget.

I debatten var Arne Prestbø, H, først ute. Han synte til at dette hadde vore ei stor sak – på toppen av alle andre saker. Store tidsressursar har gått med over lang tid! Høgre har vore oppteken av best mogeleg informasjon. Folket gav eit klårt råd, og med den store valdeltakinga var det ingen tvil. No vil det vera flott om me får eit samrøystes kommunestyrevedtak i saka!

Harald Rydland, KrF, sa at regjeringa og stortinget sin prosess står til stryk. Uttalar frå statleg mynde kunne opplevast som tvang og truslar. Det meste av dette har falle til jorda undervegs. KrF har vore pådrivar i prosessen. Ein måtte ta saka på alvor. Han er glad for at partiet har vore så sterkt involvert, men hadde ynskt ein stor Sunnhordlandskommune. Berre Stord og Fitjar var den dårlegaste pakken ein kunne leggja fram.

Sigurd Andrè Maraas, FrP: Hans parti høyrer på folket, og han høyrer på dei 337 som røysta ja! Som folkevald skal han gjera det som er best for innbyggjarane. Men FrP er splitta i saka.

Ordførar Wenche Tislevoll, H: Det er avgjerd i dag. No er det viktigast å sikra innbyggjarane gode tenester, både no og i framtida. Me skal ha ei livskraftig og attraktiv bygd! Det kan gi store utfordringar å stå åleine. Ho forstår og respekterer folkemeininga, og er glad for eit klårt svar i folkerøystinga. Ho synte samtidig til kor mykje statlege midlar ein har sagt nei til ved å stå åleine. Men – både lokaldemokratiet og kommunesenteret er sterkare når Fitjar står åleine.

Tidlegare i møtet vart den rådgjevande folkerøystinga godkjent. Det vart avgitt 1.637 røyster, 337 ja til samanslåing og 1.300 nei. Det vart 20,7 % ja og 79,3 % nei. Det er 2.389 røysteføre i kommunen, og oppmøtet var 68,6 %.