Ny giv på Sjoareset

 

God stemning på lunsjrommet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mestervindu på Sjoareset har fått vind i segla. Arbeidsstokken har auka, og dei driv i pluss.

 

Det er driftsleiar i firmaet, Nils Rune Skogsrud, som fortel dette til fitjarposten.no, og han skryt av den gode arbeidskulturen dageleg leiar Arvid Magnar Birkeland har tilført bedrifta. I alle ledd handlar det om å ha respekt for kvarandre og om ta vare på kvarandre. Dette vert vidare understreka av det nye skiltet som møter arbeidarane kvar dag dei kjem på jobb. Der står det: – Velkommen til din arbeidsplass. Vi ønsker deg en god dag. ( Biletet under)

 

Då fitjarposten.no 11. februar i fjor skreiv om nyoppstartinga, uttalte Birkeland at mykje av grunnen til at dei nye eigarane ville satse på Fitjar var entusiasmen og haldninga til dei tilsette. Dette har han så bygt vidare på. Dei gongen noterte me at det var 35 tilsette. No er dei oppe i 50, og dei gjekk òg i pluss økonomisk i 2015.

Ein viktig faktor er altså teambuilding. Og som ein del av dette var dei tilsette samla til middag og revy på hotellet i helga. Blott til lyst og sosial glede.

 

Frå middagen på Fitjar Fjordhotell. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Dagleg leiar Arvid Magnar Birkeland og driftssjef Nils Rune Skogsrud under revyen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Under revyen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Frå produksjonen. Denne maskinen styrar korleis treverket som skal bli til vindauge skal kappast og profilerast. Foto: Håkon C. Hartvedt

Smilet mellom dei tilsette var framme både ved middagen og revyen – og det var ikkje forsvunne då me møtte dei i den  vanlege lunsjpausen måndag føremiddag.