Lensmannskontoret vil truleg forsvinne frå Fitjar første halvår 2017. Illustrasjonsfoto: FP-arkiv/HCH

– Ikkje overraska

Det er ikkje noko overrasking at lensmannskontoret på Fitjar vert nedlagt i noverande form. Det seier i ein kommentar til framlegget frå arbeidsgruppa som jobbar med nærpolitireforma.

Arbeidsgruppe har foreslått at Stord, Bømlo og Fitjar skal samlast i ein politistasjon på Stord, medan det blir oppretta eit politikontor på Bømlo. Men altså ikkje eit eige lensmannskontor, slik det er i dag.

I framlegget er det ei inndeling i fem geografiske driftseiningar, som har det overordna ansvaret for å leia og koordinera ressursane ved dei underlagde tenesteeiningane. Her ligg Stord/Bømlo/Fitjar som ei eiga geografisk eining, med namnet Nord.

– Så å jobbe for at det skal bli verande eit eige lensmannskontor på Fitjar, har ikkje lenger no9ko for seg seier Lunde som trur at lensmannskontoret er borte om eit år. Truleg allereie i 1. halvår 2017.

Politikontakt
I framlegget til arbeidsgruppa ligg det vidare at Fitjar får ein politikontakt som vonleg vil ha kontor i Rådhuset, og vere på plass 1-2 gonger i veka.

Dette ser ordførar Wenche Tislevoll positivt på.

– Då vil me framleis ha nær kontakt med politiet, og så må me samtidig jobba for å styrka vårt distrikt (Fitjar, Stord, Bømlo) som vil verta kalla Nord, slik at dei får mest mogeleg sjølvstendig ansvar, til dømes ved at lensmannen på Stord er med i leiargruppa i Stavanger, seier Tislevoll, til slutt.