Fitjar-gutane jublar uhemma over 2-1-scoringa til Daniel Skarpnes på overtid. Solid-spelaren deler ikkje entusiasmen. Foto: Kjetil Rydland.

Juniorane jublar for puljesiger

Ei scoring på overtid gav Fitjar-juniorane 2-1 over Solid i seriekampen tysdag kveld, og dermed vann dei puljen sin i 3. divisjon.

Med kveldens siger rykkjer dei opp før haustsesongen startar, og nye puljer blir sette opp. Men sigeren sat veldig langt inne for kjappe Fitjar-gutar, som burde avgjort kampen i første omgang. Då hadde dei full kontroll på gjestene frå Sagvågs-området, som knapt hadde ein einaste målsjanse. Til pause stod det 1-0, etter at Jonas Aleksandersen hadde plassert eit straffespark heilt oppe i vinkelen. Eit resultat som Solid hadde best grunn til å vera fornøgd med. 


Så kjekt er det å avgjera ein kamp mot Solid. Målscorar Daniel Skarpnes t.v. saman med Torstein R. Kjelling. Foto: Kjetil Rydland.

Solid-gutane såg ut til å ha skjerpa seg kraftig etter kvila, og brukte berre vel fem minutt på å utlikna. Rett nok fekk dei god hjelp av Fitjar-forsvaret, som serverte ballen til motstandarane. Andre omgang blei meir jamspelt enn den første, med store sjansar til begge laga. Fitjar måtte venta heilt til to minutt på overtid før avgjerda fall. 

Ikkje heilt uventa var det den kjappe goalgetteren Daniel Skarpnes som fekk gleda av å berga dei tre poenga til Fitjar, etter at Solid-keeperen var uheldig. Men Fitjar-gutane følte seg desto meir heldige, og kunne jubla uhemma over puljesiger. Dermed ventar sikkert betre motstand når ny pulje blir sett opp for haustsesongen.


Målscorar Jonas Aleksandersen tar frispark. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Børge Koløen, Johannes Myhre, Svein Arne Raunholm, Thomas Kolen, Alejandro Rojo, Mats Westvik, Jonas Aleksandersen, Markus Tislevoll, Frode Malkenes, Sebastian T. Thomassen. Innbytarar: Torstein R. Kjelling, Daniel Skarpnes, Jacob Mehammer, Arild Fitjar Waage og Marius Helland Storebø.