Fitjar skulekorps i 1. divisjon under NM for skulekorps i Stavanger 2016. Foto: Helga Rimmereid

Musikkglede på høgt nivå

 

Fitjar skulekorps hadde ein strålande debut i 1. divisjon under NM for brass-skulekorps i Stavanger i helga. Med 87 poeng og ein 8. plass fekk dei med si store musikkglede og dyktigheit synt at dei høyrer heime mellom dei aller beste skulekorpsa i heile landet. 

Korpset får høgast karakter på musikkformidling frå meg, skreiv domar Frode Amundsen i sin kommentar etter at korpset opna 1. divisjon med Fire in the blood av Paul Lovatt-Cooper. 

Fitjar skulekorps med sin dirigent Svein Roger Koppang på scenen under NM for skulekorps i Stavanger. Foto: Helga Rimmereid

Dette var aller første gong i historia at Fitjar skulekorps deltok i 1. divisjon. 8. plassen og tilbakemeldingane frå domarane synte at korpset høyrer heime i det gode selskap mellom dei aller, aller beste skulekorpsa i landet.

Etter ein strålande siger i 2. divisjon under NM i 2015 var korpset i år klare for å ta steget opp i den høgste divisjonen. Det å få bevis for at ein høyrer heime der opplevdes som ein stor siger for dei 40 musikantane og dirigent Svein Roger Koppang, og foreldregruppa i korpset.  Mykje øving og målbevisst arbeid ligg bak. Prestasjonen heng ekstra høgt når ein tenkjer på at dette er eit korps med forholdsvis lav gjennomsnittsalder. Dirigent Koppang minner både musikantar og andre om at medan mange av dei andre korpsa i 1. divisjon er «reine ungdomskorps» er halvparten av våre musikantar under ungdomsskulealder. Tar ein ein kikk på dei på scenen ser ein fleire som sit og dinglar med beina på stolane og mange forsvinn aldeles bak store instrument som verkar større enn musikantane sjølve. Men når dei tek til å spela er det vanskeleg å forstå at dei er så unge. Med sin presisjon, klang og sitt musikkengasjement imponerer dei mange og dei representerer Fitjar på ein framragande måte. 

 

 Solist Ingvild Prestbø på kornett. Foto: Helga Rimmereid

Domarar i 1. divisjon var Frode Amundsen og Torgny Hanson. Det er alltid svært interessant å høyra domarane sine tilbakemeldingar til korpset, både når det gjeld ros og tips til vidare arbeid og utvikling. Domarane hadde mykje godt å sei. «Mange flotte prestasjonar i alle grupper», innleia domar Amundsen, som sjølv er tubaist. Vidare rosa han god klang og balanse og god intonasjon. Solistane Ingvild Prestbø på kornett og Thea Træet på euphonium fekk ekstra skryt, det same fekk Guro Rimmereid på flygelhorn.

 Euphoniumsolist Thea Træet. Foto: Helga Rimmereid.

I fylgje domarane ligg den vidare utviklinga i endå meir klangarbeid, spesielt på sterke parti,  og ensemblesforståing. Men «mycket bra ock overtygande», var konklusjonen til den svenske domaren Hanson. 

 Fitjar skulekorps for første gong i 1. divisjon under NM for skulekorps i Stavanger. Foto: Helga Rimmereid

1. divisjon vart vunne av Tertnes skulekorps med 99 poeng. To andre Sunnhordlandskorps deltok og under NM i Stavanger. Sagvåg skulekorps kom på ein flott 2. plass i 3. divisjon og Tysnes skulekorps kom på 11. plass i 2. divisjon. Fullstendig resultatliste kan ein sjå her

 Fitjar skulekorps og Sagvåg skulekorps under konserten i Kongeparken, Ålgård. Foto: Helga Rimmereid

Reisefylgjet frå Fitjar hadde ei flott helg i Stavanger. I tillegg til konkurransedeltaking, festkonsert og mykje god korpsmusikk var det og tid til god mat og mykje «leik og morro». Helga vart avslutta i Kongeparken der Fitjar skulekorps hadde felleskonsert med Sagvåg skulekorps og skapte god stemning ved inngangen til fornøyelsesparken. Så var det fritt fram for søking av spenning i parken eller avslapping på ein kafé for dei som ville det, før nasa vart vendt heimover med nok eit godt korpsminne i bagasjen. 

 Stolte, glade og fornøgde turdeltakarar klare for heimreise. Foto: Helga Rimmereid