Imponerande prestasjonar
To spektakulære og uvanlege løyper i Midtfjellet trekte laurdag 64 løparar i nær sagt alle aldrar til å måla krefter på distansane halvmaraton og 5419 meter.
Det var stor aktivitet i start-/målområdet, både før og etter at løparane på dei to hovuddistansane hadde lagt i veg. Ungar kunne springa ei kort løype og få premie, det var levande musikk og kiosk. Mange av løparane syntest at dei kuperte løypene hadde vore kjekke, og den raskaste mannen gjennom den 5419 meter lange løypa, Anders Hundeide Magnussen, fortalte at gjerne kjem att neste gong dette løpet vert arrangert.

At mange av løparane held eit relativt høgt nivå, var tydeleg. Lars Lunde, Arnfinn Aadland og Maryana Novik, som var dei tre raskaste gjennom halvmaratonen, var ikkje meir prega av løpet enn at dei stod ganske roleg og diskuterte løpa sine rett over målstreken. Særskilt imponerande var Marius Torbjørnsen sin prestasjon. I ein alder av 13 år fullførte han halvmaratonen i god stil. Også veslebroren Eirik gjorde ein god figur under 5419-løpet.

Resultata kan du lesa her.


