Suppe og snorkutting for trivselsparken

 

Laurdag vart ein prosess som starta i 2004 markert som avslutta, då gangvegen mellom Russevika og GSE Båthavn blei opna av Agnar Aarskog og Karl Sandvik. Med det var trivselsparken òg ferdigstilt.

 

 

Det var mange som hadde funne vegen til Rossneset og båthamna i Russevika laurdag, då Karl Sandvik stelte til offisiell opning av den nye gangvegen mellom Russevika og GSE Båthavn. Dette var siste hand på verket som er trivselsparken i Rossneset.

 

I samband med arrangementet hadde Karl Sandvik ein gjennomgang av prosessen med å få til dette store og omfattande anlegget, ein prosess som formelt hadde starta i 2004, då han hadde første møte med dåverande ordførar Agnar Aarskog.

 

Gangvegen mellom dei to båthamnene. Foto: Arne Vestbøstad

 

– Dette var eit prosjekt for tolmodige folk, sa Sandvik, og viste til alle dei rundar dei måtte gå og krav dei måtte stetta før dei kunne ta fatt. Han illustrerte det med å fortelja om alle dei utgreiingane som måtte gjerast, eit arbeid som kosta prosjektet om lag to millionar kroner, utgreiingar Sandvik, med eit glimt i auga, tvila på at nokon hadde lese. Han rosa samarbeidet med alle lokale grunneigarar, og fortalte at om lag den einaste lokale klagen som hadde kome, var då leiar i bondelaget, Reidar Kloster, hadde klaga på dei som fann på å klaga.

 

Etter å ha stått på i mange år, vart planane godkjente i 2011, og anleggsarbeidet starta same året, trass i at sentrale instansar hevda at utbygginga var for stor for ein liten plass som Fitjar, men politikarane trumfa gjennom at dette var noko dei ønskte.

 

Mange fekk del i fiskesuppa servert av Geir Skeie. Foto: Arne Vestbøstad

 

Agnar Aarskog, som fekk æra av å kutta snora, ymta frampå at heile anlegget, med tomter, båthamn og trivselspark, måtte vera eitt av dei finaste bustadområda i Norge, til applaus frå tilhøyrarane. Han kunne som busett i området fortelja at han no levde det gode liv her. Han viste også til at Fitjar no veks så mykje at kommunen no er for ein vekstkommune å rekna, på nasjonalt nivå, noko han trudde dette bustadområdet hadde ein del av æra for. Han takka for at det fanst fitjarpatriotar som Karl Sandvik, som i denne prosessen hadde vist eit ukueleg pågangsmot. Og med dei orda kutta han snora og erklærte området for opna.

 

Geir Skeie. Foto: Arne Vestbøstad