Arild Fitjar Waage avgjorde kampen mot Sotra 2 med scoringa si i andre omgang. Arkivfoto FP/KR. 

Ny bortesiger til A-laget

Fitjar innkasserte tre poeng på Sotra fredag kveld etter ei omdiskutert scoring av Arild Fitjar Waage.

Scoringa var etter mange si meining offside, men trass sterke protestar frå Sotra-spelarar blei ho godkjend. Dermed kunne 16-åringen Arild Fitjar Waage bokføra den aller føste scoringa si på A-lagsnivå. Og Fitjar reid stormen av på slutten, vann 1-0, og kunne pakka tre vedfulle poeng i treningsbagen då dei reiste heim etter møtet med Sotra sine nest beste.

Fitjar-trenaren vedgår glatt at han hadde blitt rasande om han hadde fått ei slik scoring imot. Forspelet stod Kjell André Thorland for; han avanserte på Sotra sin banehalvdel, men fall idet han skulle til å skyta. Ballen hamna hos Arild på 5-meteren til Sotra, der han ikkje hadde problem med å setja ballen i det tomme buret. Han var i klar offside, seier Kjell Træet, men målet blei godkjent, truleg fordi ballen var innom ein motspelar på vegen. 

Fitjar-trenaren vedgår at scoringa var litt heldig, i ein kamp det slett ikkje var opplagt at Fitjar skulle vinna. Men mål er mål, og han gratulerer 16-årige Arild Fitjar Waage med det første A-lagsmålet sitt. Og elles rosar han heile laget for å ha kjempa godt for poenga på Sotra i går kveld. I ein kamp der vertane begynte best, og gutane til Kjell blei springande mykje imellom. Men etter kvart fekk dei betre tak på motstandarane sine takka vere god defensiv jobbing.

Kjell Træet seier det var heilt fantastisk å sjå kor godt gutane hans jobba defensivt. Det gjeld heile laget, frå Jonas Tislevoll, som sprang mykje og hindra Sotra-spelarane i å starta angrepa slik dei ville, og bak til dagens bestemann på Fitjar, Torbjørn Korsvik. Midtstopparen spelte ein ny solid kamp, vann alle duellane, klarte å halda hovudet kaldt og batt forsvaret samen. 

Med seg i forsvaret hadde Torbjørn denne gongen ein tilnærma debutant, 16-årige Marius Helland Storebø, som spela sin første heile kamp på A-laget. Han er son til André Helland, som spela back på motsett side. Så vidt me kan hugsa er det første gong far og son spelar ein heil kamp i lag på A-laget til Fitjar. Kjell seier det er kjempekjekt å sjå ungdommane som kjem inn på laget og klarer seg så fint.

– Me er heldige som kan henta inn nye folk frå den store troppen vår etter kvart som me manglar folk! seier den glade Fitjar-trenaren.

Etter dagens kamp kan me konstatera at Fitjar held seg i rett ende av tabellen i 5. divisjon, med god avstand til dei svakaste laga. Vårsesongen blir avslutta neste fredag med toppoppgjer på heimegraset i Fitjar Idrettspark mot serieleiar Bremnes.  

 

KAMPFAKTA:
Sotra 2 – Fitjar 0-1 (0-0)
Seriekamp 5. divisjon Hordaland avd. 03
Straume Stadion, fredag 17. juni kl. 19.15
Dommar: Johannes Gjøsund, Kringlebotn IL

Mål: 0-1 Arild Fitjar Waage (67.)

Gult kort: Helge Myrmel Træet (54.)

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, André «Mini» Helland, Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Marius Helland Storebø, Helge Myrmel Træet (kaptein), Arild Fitjar Waage, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Jonas Tislevoll (Badi Hurasi 88.), Thomas Vestbøstad Waage (Mats Westvik 46.)