Midtfjellet halvmaraton

For første gong vert det arrangert halvmaraton på Midtfjellet. Det skjer førstkomande laurdag.

 – Bli med på eit spektakulært idrettsarrangement på Midtfjellet. Flotte løyper med grusveg i nydeleg fjellområde med fantastisk utsikt over øyriket Fitjar, reklamere FIL.

Det vert arrangert tre løp:

  • Halvmaraton, 21 km
  • 5419 Fitjar, 5419 m
  • Mini-Maraton, barneløp ca 1 km

Starten skjer ved Olstjødno (280 moh), og løparane  kan køyre og parkere ved start og i målområdet.

 Nøkkelfakta Halvmaraton
Start ved Olstjørn 280 moh. oppover til 3,4 km. Då er me på løypas høgaste punkt . Flatt og nedover til 7 km ved Kyrkjevatnet (297 moh). Oppover med ei og anna flate til om lag 9,5 km (Landasåto på 366 moh). Nedover til 11,1. Då snur me på Storemyr(236 moh), løypas lågaste punkt. Veldig fin utsikt rett før me snur, for den som skulle ha krefter til å nyte den. Me får det motsette heimover.

(Sjå annonse til høgre på sida)