Offisiell opning av Rossneset Trivselspark

Opninga skjer ved Russevika. Foto: Rossneset si nettside.

Gangvegen mellom Russevika og GSE Båthavn er no ferdig, og med det er òg Rossneset Trivselspark er ferdig. 
I samband med dette inviterer Havnehagen AS til offisiell opning av Gangvegen og Rossneset Trivselspark.


 

Opninga vil finna stad ved nausta i Russevika og programmet ser slik ut:

  • Offisiell opning av Gangvegen og Trivselsparken ved Agnar Aarskog.
  • Geir Skeie serverer fiskesuppa og iskrem.
  • 
Etter programmet vert det høve til å sjå leilighetar på Storhaugtun. 
  • Alle er hjarteleg velkomne til opning! 

Det heile skjer laurdag 18. juni kl. 13.00