Høge og lange hopp på Vikahaugane

Johannes Sandvik Bø Foto: Bård Inge Bø

– Unge fitjarbuar stod for særs gode høgdehopp på Vikahaugane i helga, fortel Bård Inge Bø i friidrettsgruppa til FIL

Johannes Sandvik Bø (10)  sette pers med 1, 26, noko som gir 1007 poeng etter Tyrvingtabellen. Han hoppa 3,55 i lengde (pers) og sprang 80 m

Marius Torbjørnsen (13) sprett stadig høgare. Denne gongen over 1,42 m. Foto: Bård Inge Bø

Anna Sandvik Bø (12) og Clara Wohlrab (13) tangerte sine persar med 1,30 m.

Anna Sandvik Bø. Foto: Bård Inge Bø

Klara Wohlrab. Foto: Bård Inge Bø

Natalie viste igjen solide sprinttaktar på 80 m, men fekk denne gongen sterk konkurranse frå Ida Holm Nesset. I tillegg forbetra Natalie seg med nesten 50 cm (!) i lengde til 3,70m. Talentet er utvilsom til stades også der, med litt meir teknisk terping!

Sander Aarskog(12) hadde ein fin stemnedebut med 3,63 i lengde og sprang inn til siger på 80 m i sin klasse.

Elles var Tori Torbjørnsen og Klara Olsen Aadland (begge 7 år) med på høgde, lengde og 80 m

 

Det er Johannes Sandvik Bø(10), Marius Torbjørnsen(13), Anna Sandvik Bø(12) og Clara Wohlrab(13) som er på bileta.