Til kongen og dronninga sin hagefest

Runar Søreide Skogedal er ein av dei som får vere med på hagefesten til kongen og dronninga. Arkivfoto: FP/HCH

Ordførar Wenche Tislevoll får med seg åtte andre fitjarbuar til kongen og dronninga sin hagefest i samband Kongeparet si markering av 25 år som regent på Gamlehaugen 25. juni..

Kongehuset tok kontakt med fylkesmennene som igjen tok kontakt med ordførarane som kom med framlegg om eit avgrensa tal på personar som dei ville invitere med seg på festen. Så valde kongehuset ut og inviterte personleg dei som no blir med.

Her er lista av dei fitjarbuane som i tillegg til ordførar Wenche Tislevoll får vere med på hagefesten på Gamlehaugen:

Ole Bergesen, 52 år – revykonge – primus motor sommarrevyen og revyfestival Vestlandet.  Dagleg leiar Fitjar kultur- og idrettsbygg og Fitjar Idrettslag.  

Jorunn Hernes – 57 år – gründer – Fitjar Såpekokeri, Port Steingard. Frivillig medhjelpar eldre og funksjonshemma. 

Armelyn Mehammer, 41 år – opprinneleg frå Filippinene. Budd 20 år i Fitjar. Gift og 4 barn – som har vore sers aktive i kulturskulen og skulekorpset.   Engasjerer seg i integrering av nye innbyggjarar.  

Vigdis Aarre Olsen – 70 år – aktiv i lag og organisasjonar og i politisk arbeid.  Eit serdeles godt medmenneske.   

Toralf Røen – 76 år – dugnadsånd av dei sjeldne, serskilt innan friluftsliv. Politikar fram til 2015. Leia utval for oppvekst og omsorg sist periode. 

Runar Søreide Skogedal – 24 år – den første med Downs syndrom som stilte som kandidat til kommuneval (2015)

Anna-Bodil Hestenes Tislevoll – 68 år – pensjonert rektor Fitjar vgs. Engasjert i «Mat frå Fitjar» Leiar i Fitjar skyttarlag. 

Sunniva Tveita – 18 år – skuleelev – ei smilande og glad jente, født med ryggmarksbrokk – rullestolbrukar

 

Mat frå Sunnhordland
I høve Kongeparet si markering som regent i 25 år er alle regionane vidare invitert til å ha eigen standplass på hagefesten på Gamlehaugen 25. juni, der ein skal servera mat frå regionane. Maten skal vere «Fingermat».

Det kjem ca. 350 gjester. Dei får utlevert eit trefat, med ei helsing inngravert. Denne skal gjestene bruke som tallerken når dei  går rundt på dei ulike regionane og smaker på deira rettar. Trefjøla er ei gåve som gjestene kan ta med seg heim.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland v/Matfatet Sunnhordland har sett opp følgjande rettar:

1. Snøkrabbe servert i form av salat m/tang som garnityr – Anne Hauge, ”Heimelaga ”- Austevoll

 

2. Kvit modna geitost, Myrdal gard – Tysnes.

Garnityr; Honning frå ” Snill Bie” – Bømlo

 

3. Fenalår av villsau, Jan Sigve Særsten, Bømlo

 

4. Lubbesild – Kystlaget Sveio v/ Ruth Eriksen – Sveio

Poteter frå Fitjar – Lars Ove Rimmereid – Fitjar

Ramsløkflatbrød : Solveig Thomassen – Fitjar

 

5. Fitjarpølse råvare: Angus – gris – ramsløk. Råvarer frå Fitjar

 

6. Potetkaker/lefse – Etne.

 

Anne Hauge frå firmaet Heimelaga i Austevoll vil fortelje Kongeparet om mattradisjonane i Sunnhordland.

Desse vil stå på stand for Sunnhordland:

Finn Solberg, Skånevik Fjordhotell

Solveig Thomassen, Fitjar

Anne Hauge, Austevoll

Ruth Eriksen, Sveio

Inge Oldereidet, Bømlo

Ein assistent frå Austevoll som jobbar hos ” Heimelaga”

Anna-Bodil Hestenes Tislevoll, Fitjar

.