Kafe og fillipinsk mat

Smilande fillipinske fitjardamer ønskte velkomen til kafe med fillipinsk mat. F.v. Michelle Olsen, Marilou Rescobillo, Joyce Berntsen, Armelyn Mehammer og Annabelle Aleksandersen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange nytta seg av tilbodet som våre sambygdingar frå Filippinene inviterte til på Fitjartun i dag – i samband med Filippinenes grunnlovsdag.

Så var det og mange spennande rettar å velje mellom for dei som kjøpte den spennande buffeten.

Alle veit kva vårrullar er, men færre har smakt Minodo (gryte med svinekjøtt). Og kva med Humba (gryte med oksekjøtt) eller risnudlar?

Armelyn Mehammer viser oss smilande dei einskilde rettane, og kjem no til kakene.
Her finn me Maja blanca (ei kake laga av rismel), fruktsalat med søtmjølk og ung kokus – og fillipinsk gele med mjølk.

– –

I følgje dei me snakka med ved borda var maten utsøkt.

– Dette kunne eg hatt kvar søndag, sa Per Drønen; men då såg kona strengt på han! ( Men ikkje utan ein smil på lur.)

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar Norsk Filippinsk Klubb og Fitjarklubben – og det er støtta av Fitjar kommune.

testosteron aufbauen