Padling i Fitjar

Foto: Mette Fitjar

Mette Fitjar har sendt oss ein artikkel om padling i Fitjar. Artikkelen følgjer nedanfor.

Padling i Fitjar

Finveret og varmen den siste tida har gjort til at mange i området her har funne fram kajakken og fått seg fine turar. Padling er ein kjekk aktivitet som passar både for unge og gamle, åleine eller ein gjeng på tur i lag.

Sunnhordland Padleklubb har dei siste åra hatt rundt 50 medlemer hovudsakleg på Fitjar, Stord og Bømlo. Dei arrangerer kurs, aktivitetsdagar, turar, padlepostar, deltar på messer og prøver å få fleire til å bruka kajakkpadling som rekreasjon og hobby.

Foto: Mette Fitjar

Padledag
Sidan 2011 har Sunnhordland Padleklubb arrangert ein padledag på Smedholmen i Fitjar i samarbeid med Friluftsrådet Vest.

Då har ein frakta ut kajakkar i ulike storleikar, og latt barn og vaksne få prøva padling under kyndig leiing av erfarne padlarar frå klubben.

I år var padledagen planlagt til ein søndag i slutten av mai, men pga dei dårlege vermeldingane, vart han diverre avlyst. No er ny dato for padledag sett til søndag 26. juni, og då satsar klubben på flott ver og stort oppmøte av barn, unge og eldre som har lyst å prøva å padla.

Det vil og bli aktivitetar på land, samt varm grill for dei som ynskjer å eta grillmat i kjekt sosialt lag. På laurdagen 25. juni er det planlagt eit Introkurs i padling på Smedholmen. Dette er eit 3-timars kurs om grunnleggjande kunnskaper for padling, og er svært nyttig dersom ein ynskjer å bli litt tryggare i kajakken eller berre har lyst å prøva seg på aktiviteten padling. 

I tillegg til Introkurs tilbyr klubben medlemmane sine blant anna Grunnkurs, Teknikk-kurs og Grunnkurs-ung. Om ein har spørsmål om desse kursa eller ynskje om andre kurs, er det berre å ta kontakt med klubben.

Frå ein tidlegare padledag. Foto: Mette Fitjar

Padlepostar
Nytt av året er at Padleklubben har lagt ut Padlepostar Sunnhordland, med postar på 10 øyer i Fitjar/Bømlo. Her får ein poeng når ein er innom posten, og allereie har mange ivrige padlarar hatt fine padleturar på poengjakt.

I Fitjar har klubben ein del kajakkar som medlemmar med gjennomført grunnkurs kan bruke. Desse er plassert på Vesthaugane Bryggje i Kråko, og herifrå er det flott utgangspunkt for turar i Fitjarøyane, eventuelt inn i Hellandsfjorden om ein ynskjer det. Klubben har og kajakkar plassert på Sæverudsøy i Bømlo for dei som ynskjer å testa padling litt lenger vest i skjærgården.

Internettside
Padleklubben har ei internettside, www.sunnhordlandpadleklubb.no, her finn ein mykje informasjon bl.a. om korleis ein blir medlem, kva tid det skal vera kurs og kva andre aktivitetar klubben planlegg. I tillegg har klubben og facebook-gruppa Sunnhordland Padleklubb.