– Det handler om å ta imot

Martin Cave. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Å vere ein kristen handlar om å omfamne det Gud gjev deg. Meir enn å vere oppteken av kva du skal gjere, må du vere oppteken av kva Gud kan gjere for deg. Det sa hovudtalar Martin Cave i sin tale under Årsmøtet til IMS i føremiddag.

 Han fortsette med fleire understrekingar av same tema frå ulike vinklar:

– Det handlar ikkje om deg og meg. Det handlar om Han. Bibelens mål er at Gud må vere allmektig i ditt liv.

– Spørsmålet er ikkje kor mykje du kan gi eller prestere, men kor mykje Han får utføre i livet ditt.

– Gud er ikkje primært oppteken av kva han kan få ut av ditt liv, men kva Han kan få inn i ditt liv. Han kom til denne verden for å møte deg der du er, ikkje der du burde vere.

Og han slutta slik: – Folk i Norge har ikkje sagt nei til Jesus. De veit berre ikkje korleis Han ser ut. La hjartet ditt få tale. Det tek deg til stader der hovudet aldri ville gå!

 

10 årsmøte i Fitjar

Trygve Eiken. Foto: Håkon C. Hartvedt

Hovudkomiteformann Trygve EIken hadde òg ordet under opningsmøtet som vart rutinert og godt leia av Ingebrigt Sørfonn.

Eiken kunne fortelje at årets årsmøte er det tiande som er lagt til Fitjar etter at det første vart lagt hit i 1870. Samskipnaden vart starta i1864, og Fitjar Indremisjon i 1876. 
Eiken siterte og frå ein annonse han hadde funne som baud inn til Årmøtet i Fitjar 16.-17. juni 1945. Den gongen varte stemnet berre ein dag, men dei hadde fire talarar denne dagen.

– Me kjenner velsigninga av arbeidet som er gjort tidlegare, sa Trygve Eiken til slutt.

 

Flott Fitjarreklame

Wenche Tislevoll. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ordførar Wenche Tislevoll helste årsmøtedeltakarane i starten av dette møtet. Ho uttrykte stor glede for at Samskipnaden la hovudårsmøtet sitt til Fitjar.

– Indremisjonen har sett djupe spor i Fitjarbygda og følgd folka her frå fødsel til alderdom, sa ho.

Deretter hadde ho ein svært god og brei presentasjon av Fitjar kommune.

Både naturrikdomar, historie, næringsliv og kultur vart løfta svært godt fram. Og ikkje sist, men ikkje minst: bygdefolket. 

– Det handlar om eldsjeler. Folk som er villige til å satse – og som gjer det.

Slik er det òg med dette arrangementet. Utan slike folk, og den gode dugnadsånda, kunne ein ikkje arrangert eit så stort stemne som dette her i bygda.

Fitjar ad hoc. Foto: Håkon C. Hartvedt

Songinnslaget på dette møtet var ved Fitjar ad hoc. Denne gongen ved Silje Rydland, Steinar Vik, Heine Helland, Ole Christian Ottestad og Harald Rydland. Vakkert og nydeleg. Ikkje minst av Silje som tydelegvis fortset si gode musikalske utvikling. 

Flotte forsongarar: F.v. Karine Lillenes, Randi Eiken Brekke, Karin Steinsland Stokken, Kjerstin Stokken og Silje Devik. Foto: Håkon C. Hartvedt

Skikkeleg bra husorkester: F.v. Dagfinn Brekke, Anders Sætre, Steinar Vik, Per Egil Larsen og Elin Sørfonn. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heile forsamlinga reiste seg under « Navnet Jesus». Foto: Håkon C. Hartvedt