Stopp, ikkje mobb

Foto: Privat

«Wow!»,  kom det frå publikum då 5.trinnet viste musikalen «Stopp, ikkje mobb!» for ei tid tilbake. Det vart ståande trampeklapp då songen «Stopp, ikkje mobb!» ljoma i gymsalen.

 

Foto: Privat

At ein stor del av publikummarane var familie til songarane og skodespelarane, dempar ikkje prestasjonen.

– Me som har arbeidd intensivt med musikalen i rundt  8-9 veker, er òg svært imponerte over både song- og skodespelarprestasjonane til elevane denne kvelden! seier Evy Skogedal til fitjarposten.no.

Utfordrande
– Framføringa bestod av om lag 10 nokså avanserte songar med omsyn til tonefølgje, mange replikkar, dans og regi; så det vart ganske utfordrande for fleire av elevane. Mange har øvd utruleg mykje for å henta mot til å greie å syngje solo og spele for eit stort publikum. Me har arbeidd svært mykje med å få til innleving hos elevane. Det har vore vesentleg for å få fram denne viktige bodskapen: «Null toleranse for mobbing!»

Men framføringskvelden var alt på plass!  Med god lyd, fin lyssetjing og sminke, vart det ei gripande framsyning for alle. – Strålande, seier begge kontaktlærarane  (Rune L. Rimmereid og Evy Skogedal) som har lagd ny regi på musikalen. 

Dei vil takka alle tilsette på trinnet, og føresette som har arbeidd og støtta på ulikt vis, slik at ein kunne få til denne store oppsetjinga.

– Skulle ønskje me kunne gjere det ein gong til!, var kommentaren til ein av elevane då dei avslutta tysdagkvelden.

Elevane spelte for mellomtrinnet onsdag morgon.

– Då var dei noko trøyttare, men det var god innsats denne dagen også! seier Skogedal, som rettar ein stor takk til elevane som spreidde anti-mobbebodskapen på ein framifrå måte!

Foto: Privat

Foto: Privat

Foto: Privat

Stopp, ikkje mobb

Av Helle Ingunn Aaneland og Frode Skålevik

Ny regi: Evy Skogedal og Rune L. Rimmereid