Flott start på Årsmøtet

Velsigna song av Praise Him. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange hundre på opningskonserten og ei svært nøgd forsamling lovar godt for Indremisjonssamskipnaden si årsmøtehelg i FKIB.

Den store forsamlinga vart ønskt velkomen av leiar for hovudkomiteen, Trygve Eiken, som gav ordet vidare til ein svært opplagt Marit Andresen Røen, som leia det heile vel i hamn. Fitjar skulekorps opna så med feiande frisk musikk som fekk salen til å reise seg i ståande applaus, og Praise Him skuffa ikkje denne gongen heller.

Fitjar Skulekorps. Det er all grunn til å ha store forventingar til NM neste helg. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Velsigna vakker song med sentral kristen bodskap. Me er stolte over å ha både Fitjar Skulekorps og denne songgruppa i bygda. Og neste helg skal skulekorpset til NM!!

Utruleg fløyte- og saxofon-spel og lyrisk songformidling av høg klasse avslutta konserten. Frøydis Grorud, kjent frå bit for bit og Frøydis Grorud fekk òg den lengste delen av konserten. Ein heil time. Men dei fylte timen med dei vakraste tonar.

Frøydis Grorud og Trude Kristin Klæboe. Foto: Håkon C. Hartvedt

Alle dei effektane Frøydis presterte å få ut av tverrfløyta, fekk oss mest til å måpe, og saxofonspelet hennar var berre nydeleg.

Svært kjekt  for Hanne Lovise (t.v) og Olga Vestbøstad som fekk møte Frøydis Grorud. Hanna Lovise spelar baryton i Fitjar skulekorps og Olga spelar tuba. Begge spelar tverrfløyte i Fitjar kulturskule. Foto: Lovise Vestbøstad

Trude Kristin Klæboe sin song vart og utruleg vakker. Og me er heilt einig med dei som seier at ho klarer å setje sitt eige stempel på alle songane ho framfører. Ein fantastisk god formidlar.

Marit Andresen Røen avslutta med å takke, både dei to musikarane for «eit hav av vakker musikk» – og ved å peike på Årsmøtet sitt motto: «Eit hav av godhet».

Ho løfta så fram krossen i flagget vårt som står som symbol for Kjærleiken med stor K. I appellen for kvelden vart det peika på at «Eit hav av godhet» er eit uttrykk for Guds endelause kjærleik til oss menneske – og at me må ta vel vare på utfordringa til å gripe det evige livet ein er kalt til.