Storscorar Thomas V. Waage med mål mot Flaktveit. Foto: Kjetil Rydland.

Tre poeng til A-laget mot Flaktveit

A-laget vann ein fullt fortent 2-1-siger over Flaktveit på graset i Fitjar Idrettspark fredag kveld.

Fitjar leverte årsbeste på heimegraset då dei tok imot eit av topplaga til seriekamp i går kveld. Det var rett nok ikkje mykje som minte om årsbeste då gjestene gjekk opp i leiinga allereie etter to-tre minutts spel. Ein uoppmerksam midtbane let Steffen Kalsaas gå merkeleg fritt inn mot 16-meteren til Fitjar, og han fekk både tid og rom til å plassera ballen på innsida av stolperota, heilt utakbart for Aleksander Henriksen i Fitjar-målet.


Dagens comeback kid, Aleksander Henriksen, kunne ikkje lastast for 0-1-målet, og kom greitt frå kampen mot Flaktveit. Foto: Kjetil Rydland.

Dermed fekk unge Henriksen den verst tenkelege starten på comebacket i Fitjar-buret, sjølv om han ikkje kunne lastast for målet. Men Fitjar let seg ikkje knekka av den uheldige starten, og leverte etter kvart det beste spelet me har sett på heimebane hittil i år. Berre nokre sekund etter 0-1, var Thomas V. Waage nær ved å utlikna. Etter ein halv times spel var det endeleg klart for Fitjar-scoring, ikkje uventa ved nettopp ved Thomas V. Waage.

 

Då hadde me notert både stolpeskot ved Arild Fitjar Waage og fleire fine tilbod ved Helge Træet, Thomas V. Waage og Kjell André Thorland. At det berre blei med ei Fitjar-scoring før pause, skal gjestene frå Åsane vera godt nøgde med. Fitjar-trenar Kjell Træet seier til Fitjarposten at han «skulle ønskja det ikkje hadde blitt pause i dag». Dei var så godt i gang, og kunne ha køyrt over gjestene med det fine spelet som gutane hans leverte på slutten av første omgang. Det hender at pausen bryt opp rytmen og gir motstandaren høve til å setja inn mottiltak.


Hands i Flaktveit-feltet? Foto: Kjetil Rydland.

Men også i andreomgangen fekk Fitjar til mykje bra spel. Etter nesten ein halvtime fekk Kjell André Thorland gleda av å avgjera kampen for Fitjar. Scoringa kom på ein litt merkeleg situasjon, då Flaktveit-keeperen kom fram på 25 meter og heada ballen utover. Der var Helge M. Træet, som slo kjapt til Kjell André Thorland. Han kunne nærmast uhindra setja ballen i det tomme målet, medan keeperen kom halsande attende frå skogsturen sin. 


Som vanleg blei Kjell André Thorland utropt til dagens Fitjar-spelar. Denne gongen blei det òg scoring på den elegante midtbanespelaren. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Dagens kamp var heilt klart årsbeste for Fitjar på alle måtar, men spesielt likte med det kjappe, fine angrepsspelet. Som vanleg fortente Kjell André Thorland bestemannspremien. Men det var nesten like gledeleg å sjå gutespelaren Arild Fitjar Waage i ei ny rolle. Etter fleire kampar på høgrebacken fekk han prøva seg på midtbanen denne gongen, og det gjekk minst like godt. Han markerte seg med aggressivitet, god rørsle og gode pasningar. Heilt klart ein midtbanemann for framtida. 

 

Arild fekk spela nesten heile kampen, men eit par minutt før slutt sleppte Kjell Træet innpå ein annan av framtidas menn for Fitjar. Då kom jamaldringen Markus Helland Tislevoll inn og fekk dermed sin seriedebut for A-laget Fitjar. Det er heilt sikkert ikkje siste gongen me ser denne kjappingen i aksjon blant Fitjar sine beste menn.

 

Etter dagens kamp kan me konstatera at Fitjar er på nivå med dei beste laga i puljen. Muligens med unnatak for Bremnes, som imponerer. Med tre nye poeng er Fitjar oppe i 17 på ein fjerdeplass på tabellen i 5. divisjon. Fitjar ser ut til å få heng på dei beste laga, og ein behageleg avstand til dei fem-seks laga som lever farlegast med tanke på nedrykk til hausten. 

 

KAMPFAKTA:
Fitjar – Flaktveit 2-1 (1-1)
Seriekamp 5. divisjon Hordaland avd. 03
Fitjar Idrettspark fredag 10. juni kl. 19.00
Publikum: 75
Dommar: Simen Erdal Ones, IL Sandviken

Mål: 0-1 Steffen Kalsaas (3.), 1-1 Thomas V. Waage (31.), 2-1 Kjell André Thorland (73.)

Gult kort: Sander Tverborgvik, Fitjar og Christer Løge, Flaktveit.

Fitjar sitt lag: Aleksander Henriksen, Badi Hurasi (Sander Tverborgvik 70.), Nils Ingar Tislevoll (Emil Fitjar 80.), Torbjørn Korsvik, Andre Helland, Helge Myrmel Træet (kaptein), Arild Fitjar Waage (Markus Helland Tislevoll 89.), Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Jonas Tislevoll, Thomas Vestbøstad Waage.