Jubileums- og nyopningsfest i Bakken barnehage
Frå Bakken barnehage. Foto: Håkon C. Hartvedt
14.juni 2016 vert det opningsfest/jubileumsfest i Fitjar soknerådsbarnehage Bakken. Då er det 10 år sidan Fitjar soknerådsbarnehage vart heildagsbarnehage og 35 år sidan soknerådet starta korttidsbarnehage.
– Vi har bygd på barnehagen med ny småbarnsavdeling (denne avdelinga leigde tidlegare lokale i Idrettshuset ved Fitjar Idrettespark), personalfløy med flott nytt personalrom, styrarkontor, arbeidsrom med kontorplass til alle pedagogane + nye fellesrom som kjøken, bibliotek og formingsrom.
Uteleikeplassen er også blitt oppgradert. Vi tok i bruk den nye avdelinga i nov/des 2015, men no er også uteanlegget ferdig, skriv styrar Torunn Aarskog i ei melding til fitjarposten.no
Fitjar soknerådsbarnehage Bakken er elles ein populær barnehage. Dei har fullt hus og 11 born på venteliste!
Program for jubileumsdagen 14. juni ser slik ut:
Kl. 15.00: Grillane er varme. Barnehagen held pølser til barnehageborna og gjestar. Foreldre tek med grillmat til eige bruk
Kl. 15.30: Snorklypp
Kl. 15.45: Program ved barnehageborna
Jubileumskake/kaffi/saft
Open barnehage/omvising til kl. 17.00.