– Tommelen opp for Podlen Verkstad

Fitjargjengen på Podlen Verkstad. F.v. Evelyn Gloppen, Jørund Thorland Innvær, Runar Søreide Skogedal og Edmund Eide. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det seier dei fire fitjarbuane som har sin daglege arbeidsplass der. Fredag markerte verkstaden sitt 25 års-jubileum.

Me møter først på Evelyn Gloppen som tek oss med til vaskeriet. Ein del av jobben hennar er å leggje saman kle. Ein annan er å makulere papir for bedrifter. Podlen Verkstad makulerer tonnevis av slikt.

– Dei dagane eg makulerer går dagen i det. Dei andre dagane jobbar eg med kle, seier ho, og legg til: – Fordelen med dette er at eg veit kva eg skal gjere, men det hadde vore gøy å få vere på pakk og service òg, men det er i 2. høgda og der kjem eg meg ikkje opp.

Men eg har det bra. Dette er den kjekkaste jobben eg har hatt, og så er det sosialt. Her er det lett å snakke med folk. Me har god kontakt me som jobbar her, og me respekterer kvarandres handicap. I andre samanhengar har eg problem med å involvere meg, men eg er på facebook, smiler Evelyn, til slutt.

Evelyn Gloppen. Foto: Håkon C. Hartvedt

På snekkerverkstaden møter med Jørund Thorland Innvær og Runar Søreide Skogedal.

Jørund snakkar om det positive samarbeidet dei har når dei jobbar med å lage bord, postkassestativ, benker og blomekasser. Han likar seg godt. Tek bussen saman med Runar om morgonen. Dei må begge opp i 6-tida, men det går bra.

Jørund Innvær. Foto: Håkon C. Hartvedt

Runar jobbar òg med benker og postkassestativ. Dennee dagen hadde han akkurat bora hol for skruene i ein heil haug med plankar som skal bli fundament for benkene. Han synest det er gøy å arbeide på Podlen Verkstad og at det er kjekt å ha lag med Jørund på bussen.

Runar Søreide Skogedal. Foto: Håkon C. Hartvedt

Edmund Eide er den store veteranen. Nyleg markerte han 50-års-dagen heime på Stranda med svært mange gjestar. På Podlen har han spesialisert seg på hagebenker, og han har ikkje tal på kor mange av slaget han har vore med på å produsere. Han synest arbeidet på Podlen Verkstad er svært kjekt.

Edmund Eide. Foto: Håkon C. Hartvedt