Første gong på bane

På rad og rekkje. Fremst ser me Sondre Fitjar og Joakim Malkenes Fitjar. Vidare bakover ligg Jan Grønås Bukkøy, Andreas Auestad, Jens Grønås Bukkøy og Mia Volden. Foto: Håkon C. Hartvedt

– I dag skal eg skyte på bane for første gong. Det blir spennande, sa Sondre Fitjar og Joakim Malkenes Fitjar under Skytingens dag på Årskog i dag. Ein flott rekrutteringsdag for skyttargruppa. 

Sondre har skote ein del inne på Fitjartun frå før, og seier at det er gøy. – Og så er det slik at om du skyt dårleg ein gong, så er det berre å prøve å skyte betre neste gong – og slik blir ein betre og betre, smiler han.

For Joakim er det første gong på stemne, og det er spesielt.

– Trur du at du treffer blinkane då? spør me. – Eg er ganske usikker på det, men me får sjå, seier Joakim.

Harald Nesse Gloppen (15) har skote 3-4 år inne før han i år satsa på uteskyting òg. Han synest det er kjekt å skyte, men har ikkje spesielle mål for sesongen. Han trur likevel at han vil fortsetje med skytinga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Skytingens dag
Leiar i Fitjar Skyttarlag, Anna Bodil Hestenes Tislevoll, fortel at under Skytingens dag kan dei som ikkje er kjent med skyting i det heile tatt kome på banen, få instruksjon, rettleiing og gjerne melde seg inn i skyttarlaget.

– Så får dei og sjå det nye skyttarhuset vårt, smiler ho.

–Dagen er ope for alle, og dei som kjem får diplom og medalje for å kome å vere med. Men Skytingens dag er sjølvsagt òg for dei som skyt fast her, seier Anne Bodil som vidare nemner aktivitetar som miniatyrskyting i Fitjartun, skyteskule med meir.

– Det er ein flott sport, og me synest det er viktig at ein lærer kva som er viktig i samband med dette, slik at ein får eit greitt forhold til geværet, seier Anna Bodil Hestenes Tislevoll, til slutt. Ho som var òg stemneleiar under Skytingens dag i Årskog.

Sosialt og triveleg i Skyttarhuset. Her kan ein òg sjå resultata på tavla etter kvart som skota vert løsna. Foto: Håkon C. Hartvedt