Meir badeliv

Dette biletet er ikkje henta frå arkivet. Det er tatt i dag og syner Daniel og Halvor Livastøl Aga aom kosar seg i Breiavikjo. Foto: Håkon C. Hartvedt

Me skreiv om Breiavikjo i går etter tips frå ein av våre lesarar. I dag tok me turen ut og kan no stadfeste at det går godt an å starte badesesongen no.

Så svært mange var ikkje uti då me kom. Men nokre hadde allereie hatt seg eit bad og kunne stadfeste at det var ikkje avskrekkande kaldt i vatnet. Nokre gutar koste seg med badeleikar, og dei sa det same, litt kaldt til å begynne med, men heilt greitt.

Dermed vippa me av oss kle og sandalar og fekk for første gong i år oppleve kor friskt og herleg det er med eit bad utandørs.

Godt å godgjere seg i det grøne. Foto: Håkon C. Hartvedt

Idylliske og vakre Breiavikjo. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nokre av dei me elles snakka med kom frå Stord. Elles var det truleg ein del hyttefolk i tillegg til fitjarbuar i det grøne.

Då me var på veg heim observerte me ein del unge fitjarjenter – med badeposar.

Så det er nok mange som har fått forfriska seg i Breiavikjo i dag. 

Og  enno er ikkje dagen slutt…