Idrettsglede for 600 

Foto: Håkon C. Hartvedt

Rundt 600 deltakarar og 63 lag kjempar om ballen i Fitjar Idrettspark i dag og i morgon. 

Det fortel stemnegeneral for Spar Cup, Anne Helene S. Vestbøstad til fitjarposten.no der ho sit i sekretariatet og ser ned på den vårgrøne Idrettsparken som yrar av liv.

For her er dei: deltakarar, foreldre, besteforeldre – og sikkert nokon søsken, tanter og onklar òg. I det nydelege veret er trivselsfaktoren høg, og kiosken syter for at folk får både drikke og is til å leske seg med i den gode vårvarmen.

Mari Kenya Solbakken i fint driv. Foto: Håkon C. Hartvedt

Sebastian Brakedal (t.v.) har allereie mykje fotballforståing i seg. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heile kampopplegget er ypparleg organisert, og borna leverer god underhaldning for dei som står langs sidelinja. Nivået har òg heva seg skikkeleg frå dei første Spar-cup-ane me fekk med oss for ein del år tilbake. Det er tydeleg at det vert jobba godt med «ungskogen» i dei ymse laga. Samstundes manglar det ikkje på barnleg og ung idrettsglede.

Å vinne er herleg. Å lære å tape er viktig.

– 32 av laga er i elden i dag. Det er 9-10-åringane. I morgon slepp 7-8 åringane til. Domarane har FIL henta frå eigne rekkjer. I morgon skal ein del unge nyutdanna få prøve seg for første gong. Då for me òg besøk frå MOT, seier Anne Helene S. Vestbøstad, til slutt, før ho må ta seg av nokon som kjem for å registrere seg.

Ein av dei unge domarane er Børge Skaar. Han har allereie dømt både sjuar- og vanlege fotballkampar. Foto: Håkon C. Hartvedt