Strålande ramme rundt idrettsdagane
Frisk og spennande fight mellom Jonas Vik (t.v) og Markus Gerhardsen på 60 m. Foto: Håkon C. Hartvedt
Torsdag og fredag har det vore idrettsdag for skulane i Fitjar. Torsdag for barneskulane, og i dag for ungdomsskulen. Det heile i eit aldeles nydeleg vårver.
Romante Zemgulyte (Rimbareid) og Kristina Skogheim Seddon (Selevik) på 60 m. Foto: Håkon C. Hartvedt
På denne måten held skulane i hevd den gode, gamle trekampen med løp, hopp og kast. Det synest me er bra.
Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik. Foto: Håkon C. Hartvedt
Anders Lønning. Foto: Håkon C. Hartvedt
Emil Sørfonn kastar stor ball. Foto: Håkon C. Hartvedt
Awa Sandra van Bree og Eli Inntveit på 60 m. Foto: Håkon C. Hartvedt
Men det er ikkje bare trekampen som er i fokus på desse idrettsdagane. Dette er noko alle barneskulane og heile ungdomsskulen er saman om.
Og barneskulane avslutta med stafett, og ungdomsskulen med fotballturnering.
Alt i alt strålande dagar i Fitjar Idrettspark.
Resultat seinare.