– Heilt digg!

Tinestafettvinnarar: Bak  f.v. Jone Nesbø, Stian Larsen, Eirik Træet og Jakob Myhre. Framma: Anna Sandvik Bø, Jennifer Helland, Mia Volden, Weronika Chrapko (reserve) og Linnea Vestbøstad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det seier gjengen i klasse 6a ved Rimbareid skule som gjekk heilt til topps mellom 6. klassingane på Tinestafetten på Vikahaugane i mai, og som fitjarposten.no forlengst burde ha skrive om.

Dei fortel at dei trente ein del på vekslingar og slikt i Fitjar Idrettspark før stafetten,  og at dei så gjekk heilt til topps var altså heilt digg!

Lærar Gunn Evy Nilsen Haaland fortel at heile stafettgjengen er med i ein eller annan form for idrett – og at motivasjonen har vore topp heile tida.

– –

Me må òg nemne at Rimbareid klasse 8a vart nummer 2 i sin klasse.

Slike  gode resultat i denne tradisjonsrike stafetten får me sanneleg ikkje kvart år. Så mykje heider og ære fortener dei, både 6a og 8a.