Fitjarjuniorane jublar for scoring mot Bremnes etter over 80 minutts spel. Foto: Kjetil Rydland.

Scoringsjubel for juniorane

Juniorlaget til Fitjar sleit seg til ein 2-0-siger over Bremnes 2 i ideelt spelevêr tysdag kveld.

Sigeren sat veldig langt inne for Fitjar-junorane, som spela ein fartsfylt kamp mot bremnesingane i kveld. Første omgang var jamn, og begge lag hadde store sjansar til å ta leiinga, men lukkast ikkje heilt framfor mål.

I andre omgang heldt Fitjar oppe trykket, og var nok det laget som stod kampen best. Med bra fart på ballen sette dei Bremnes under press, og viste seg etter kvart som det beste laget.


Odd-Inge Nordvang Nesse reddar straffespark 10 minutt før slutt, og held på å bli dagens mann for Bremnes. Foto: Kjetil Rydland.

Rundt 10 minutt før slutt burde Fitjar avgjort kampen, då dommaren korrekt bles for straffe etter at Torstein R. Kjelling blei riven i trøya på veg gjennom Bremnes-feltet. Men Bremnes-keeper Odd-Inge Nordvang Nesse var fint nede og redda straffesparket frå Mats Westvik.

Eit par minutt seinare lukkast det endeleg for Fitjar. Jonas Aleksandersen tråkla seg gjennom og skaut sikkert i mål. Dermed kunne Fitjar-gutane jubla, etter over 80 minutts slit. Fem minutt seinare blei det endå meir jubel, då eit skot frå Arild Fitjar Waage gjekk via eit bremnesbein og i mål. 


Jonas Aleksandersen gav Fitjar 1-0 over Bremnes. Foto: Kjetil Rydland.

Dermed kunne det unge juniorlaget til Fitjar jubla for ein høgst fortent siger. Dei fekk eit nytt prov på at det svarer seg å stå på heile kampen, og ikkje gi seg før dommaren bles av. 

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Torstein Raunholm Kjelling, Sigve Hjelmen, Sander Tverborgvik, Thomas S. Koløen, Rolf Solli, Johannes Myhre, Jonas Aleksandersen, Alejandro Rojo, Marius Helland Storebø og Frode Malkenes. Innbytarar: Jacob Mehammer, Mats Westvik, Arild Fitjar Waage, Markus Helland Tislevoll, Svein Arne Jordan Raunholm og Daniel Skarpnes.