Bli med på sommarles!

– Bli med på sommaren sin kulaste lesekampanje som startar i morgon. Oppmodinga kjem frå biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen (t.h.) ved Fitjar folkebibliotek og Kristine Thorkildsen ved Stord folkebibliotek. Sank poeng og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien. Du får kule premiar og digitale trofé underveis i lesinga.

Dei som går i 1. til 7. klasse kan vera med på Sommarles.no 2016. Dette er ein digital lesekampanje som går frå 1. juni til 31. august i 200 kommunar frå heile  landet .

Digital lesekampanje
I Fitjar var det i fjor sommar over 100 elever med på lesekampanje. Det var om lag ein tredjedel av elevane på barnesteget.

– I år vil Fitjar folkebibliotek ha ein ny vri på sommarleskampanjen. Det nye er at lesinga skal registrerast digitalt.  I fjor noterte barna alt dei las på eit ark. Erfaringar frå tidlegare år er at ungane i Fitjar synest det er kjekt å lesa og ekstra kjekt når det er premiar å henta. Tilbakemeldingane frå skulen er at dei merkar godt om ungane har lese gjennom sommarferien. Me håpar enda fleire blir med i år,  seier  Silje Vågen Torbjørnsen.

 Stord folkebibliotek er for første gang i år med på ei sommarleskampanje.
– Me synest det er gøy å vere med på å stimulera barn til å lesa av eiga lyst. I tillegg får dei halde i hevd lesekunnskapane sine gjennom ein lang ferie. Og ikkje minst vil me gjerne ha meir besøk av barn og unge på sommaren her på biblioteket, seier Kristine Thorkildsen.

Inviterer til lesefest
Sommarles er for alle, og barna konkurrerer først og fremst med seg sjølv. For kvar bok dei les og registrerer på sommarles.no, får dei XP (poeng), og går etter kvart opp i nivå. I Sommarles kan dei lese både vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre – all lesing tel og gjev poeng. Og sjølvsagt har vi premiar. Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og kule premiar som du hentar på biblioteket.

Nettbasert
Sommarles er først og fremst nettbasert. Det vil seie at barna registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følgje med på kva vennane les på nettsida sommarles.no. Her får dei også tilgang til ei superspanande Fantasy-forteljing, skrive av forfattaren Mari Moen Holsve.  

Det blir lesefest for alle som deltek. Tryllekunstnaren Kåre Knall kjem 19. september til Stord folkebibliotek og 20. september til Fitjar folkebibliotek.