Ein suksesshistorie

God tone mellom verftsdirektør Hugo Strand og varafylkesordførar Pål Kårbø. Foto: Håkon C. Hartvedt 

Varafylkesordførar Pål Kårbø vitja òg FMV i dag – og fekk med seg ein suksesshistorie.

 Verftsdirektør Hugo Strand helste Kårbø med ord om at han set pris på at politikarane syner merksemd for det som går føre seg av indistruell verdiskaping i Norge.

Så fortalte han vidare om korleis FMV låg med broten rygg eit knapt tiår tilbake, då LACO gjekk inn med 60 millionar kroner for å sikre vidare drift på FMV.

– Men sidan 2008 har det gått i pluss. Og i dag har me ein omsetnad på 500 millionar kroner i året og 70 tilsette. Me har ei tid «reindyrka fisk» og satsar på båtar innan den sjangeren, etter kvart og med eigne design. HFMV-design, noko som viser til den svært vellukka symbiosen med Heimli AS, sa Strand.

I 2011 bygde FMV den første arbeidsbåten, i 2012 fekk verftet Fitjar kommune sin næringspris og i 2013 kom den første fiskebåten i HMV37 design. For ikkje lenge sidan kom «Seihav», den første brønnbåten i eige design til kai, etter å ha blitt slept frå Romania. No skal han utrustast på Sveiseneset.

Skryt til kommunen
Verftsdirektøren nytta høvet til å skryte av kommunen for avgjerande tilrettelegging – og fortalde vidare om at dei i år har innleia eit leigeforhold hos Eidsvik verft i Uskedalen. – Dei har ein hall som me ikkje har, begrunna Strand.

Me fekk og vite at FMV no har teke i bruk området dei eig i Årskog. I første omgang til lagring. Elles er eit av dei store måla å på sikt få bygd ein hall for innandørs skrogbygging. 

Om arbeidsbåtane som i det siste har kome «på løpende bånd» understreka han at dei er produsert heime med kort byggetid og høg kvailtet. I det heile ein suksesshistorie.

– Dette var viktig for oss å få høyre. Ei kvardagsskildring rett «i fra leveren», sa fylkesvaraordføraren etterpå, og understreka for fitjarposten.no etter møtet at det var viktig for dei som politikarar å ikkje gløyme det som går bra!

– –

På veg inn til verftet møtte med på dene gjengen frå Bakken barnehage som skulle få omvising. Dei såg fram til å sjå store båtar på nært hald. – Pappa`n min jobbar her, sa ein av dei, stolt! Foto: Håkon C. Hartvedt