– Ein idealskule som burde vore klona

–Sterkt forsvar for Fitjar vgs frå Harry Herstad på møtet på skulen i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

 FItjar vgs har vist at dei kan levere. Politisk sett er skulen ein idealskule. Ein skule som burde vere klona. Den beste skulen på Stord. Det sa stordordførar Harry Herstad på møtet i Fitjar i dag.

Sterke ord frå ordføraren på Stord, ein stordordførar som òg kjenner svært godt til Fitjar vgs frå andre samanhengar. Både som tidlegare rådmann i Fitjar,  og som fylkesrådmann.

Og han fortsette: – Me kan ikkje berre sjå på økonomien. Legg ein ned Fitjar vgs, legg me ned ein skule som er slik me ønskjer at ein skule skal vere.

Dessutan må me seie det som det er: Stord vgs er ikkje i stand til å skape det miljøet som ein har på Fitjar vgs.

Så for partiet mitt vert det ein lojalitetskonflikt mellom økonomi og ein god skule, sa Harry Herstad, og la til:

– I tillegg til dette veit eg at Fitjar vgs betyr svært mykje for fitjarsamfunnet. Ein av bautaene i kommunen! 

medical steroids