Sterke argument for Fitjar vgs

Varafylkesordførar Pål Kårbø lytta til gode argument frå rektor Leif Helge Engelsen på Fitjar vgs i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Varaordførar i Fylkestinget, Pål Kårbø (KrF),  fekk med seg sterke argument for å ikkje leggje ned skulen. – Eg kan ikkje gje garantiar, men de har gjeve ein svært god orientering, sa fylkesordføraren etter møtet.

Rektor Leif Helge Engelsen peikte mellom anna på at Fitjar vgs er ein moderne skule med mykje nytt utstyr, også teknisk sett. Behovet for nye investeringar frå fylket er såleis ikkje så stort som det vert hevda. Skulen har fornya seg mykje ved eigne midlar. Elevtalet har vore markant aukande dei siste åra, medan andre skular har hatt tilbakegang på tilsvarande linjer.

– Samstundes er ikkje skulen større enn at leiing, lærarar og tilsette kjem tett inn på den einskilde eleven. Noko som gjer at dei opplever å bli sette på ein positiv måte.

Engelsen kunne vidare dokumentere at elevane på Fitjar vgs går ut med høgare karakterpoengsum enn dei kom inn med og at gjennomføringsgraden er svært høg.

Dette imponerte skulesjef John Karsten Raunholm, som òg var til stades, ogsom  har lang fartstid som rektor på den største ungdomsskulen på Stord. Elevar som fall utanfor på Stord, søkte gjerne Fitjar vgs, og når skulen då kan opplever at svært få fell frå, seier det svært mykje om kor utruleg dyktig Fitjar vgs er på dette med å ta vare på den einskilde eleven. Dei er rett og slett unike på dette området! Og når ein veit at kvar elev som fell ut kan koste samfunnet 15 millionar kroner, ser ein at det at eleven klarer å gjennomføre òg har ein stor økonomisk verdi, sa Raunholm.

Ordførar Wenche Tislevoll trekte fram at i planane er det sagt at det vil bli ein overkapasitet på dei vidaregåande skulane i området vårt  i 2030.  Denne analysen er det grunn til å stille store spørsmål til, hevda ho.

Fylkesordføraren takka for god orientering, og om han ikkje kunne gje garantiar, så er god argumentasjon viktig i det han no reiser rundt og gjer seg opp ei meining i denne saka.

– Når det kjem til stykket handlar det nok mykje om kva totaløkonomien tilseier; samstundes som dette ikkje handlar om berre økonomi, sa han.