UP gjennomførte i onsdag kveld fartskontroll på E 39 i Bømlafjordtunnelen. Ein bilførar blei målt i 122 km/t i 80 km sona ved hjelp av gjennomsnittsmåling.

Bilføraren sitt førarkort blei beslaglagt på staden.

Det vart totalt tre førerkortbeslag og meldingar for å ha køyrt i fart som 118, 121 og 122 km/t i 80-sona.

– Førarkortet ryk på 116 km/t. Samtlige meldte førarar er menn, og dei er spreidde i alder frå 21 – 47 år. Forholda er meldt av Utrykningspolitiet og vert følgt vidare opp av oss i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, melder operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan.