Får draumen oppfylt
Jonas Moldskred og Markus Gerhardsen. Foto: Håkon C. Hartvedt.
I MOT-opplegget på Rimbareid skule får to niandeklassingar kvart år oppfylt draumen sin. Dei heldige i år vart Jonas Moldskred og Markus Gerhardsen.
Draumane til dei to var å få vere med på ein trening med FK Haugesund. Det vert no realisert. I september kan dei to gutane pakke fotballskoa og setje kursen for Haugesund.
I fjor var det Helene Volden de Fine som fekk draumen sin oppfylt, i form av ein fotoshoot hos ein profesjonell fotograf. I år altså to svært fotballinteresserte gutar.
Haugesund er det nasjonale favorittlaget til Markus. Jonas sitt er RBK. – Men eg ville få oppfylt denne draumen i lag med Markus, og så trur eg heller ikkje det hadde vore realistisk å få dra til Trondheim, smiler han i ein kommentar til kvifor han då valde FK Haugesund.
Markus stråla då han fekk meldinga om at dei hadde vunne. Jonas, sa at han var litt glad. Litt? undra me. – Veldig glad, retta han lattermild.
Både Jonas og Markus spelar på Fitjar sitt G16-lag. Markus som back/midtstoppar. Jonas som ving. No vert det i tillegg trening på kunst`n store delar av sommaren, slik at dei kan vere fit for fight når me skriv september.
Gutane lot seg ikkje be to gonger når dei fekk spørsmål om å leika litt med ballen for fotografen. Foto: Håkon C. Hartvedt
Begeistringsveke
Kunngjeringa av kven som fekk draumen sin oppfylt vart gjort som ein del av begeistringsveka som MOT-informatørane Hilde Volden de Fine og Maria Solheim Thorsen legg opp til denne veka. Kvar dag med litt begeistring.
I dag begeistra MOT–informatørane elevane med gratis, nysteikte lappar. I morgon skal elevane skrive lappar med positive kommentarar, og så gje lappane vidare som oppmuntring til andre elevar. Onsdag vert dei utfordra til å gjere noko dei aldri har gjort før, torsdag er glad-dagen og handlar om å spre glede, til dømes ved å gje eit smil eller ei hjelpande hand til andre; og fredag er overraskingsdagen.
Motinformatørane Maria og Hilde steikte lappar som start på begeistringsveka. Foto: Håkon C. Hartvedt
Både rektor Bjørn Haaland og skulesjef John Karsten Raunholm var til stades i foajeen med elevane.
Begge snakka om kor viktig det er med MOT, og skulesjefen understreka at MOT no er godt forankra i Fitjar kommune, og særleg på Rimbareid skule.
Han minne òg om dei tre MOT-utsegna:
MOT til å leve
MOT- til å bry seg
MOT til å seie nei.