Ny kontrakt om arbeidsbåt

Fornøgde karar som har signert nybyggingskontrakt. Frå venstre: Verftsdirektør Hugo Strand, kaptein Anthony Eidet, reiar Dave Ole Eidet og prosjektleiar Åsmund Sørfonn. 

FMV og Marinus Aquaservice har signert nybyggingskontrakt. FMV skal designe og byggje ein HFMV W15 Sørfonn klasse arbeidsbåt. Designet skal utviklast i samarbeid med Heimli as. Båten får byggenr. FMV231 og skal leverast i nov/des 2016. 

 «Restless Challenger» (FMV208). Fartøyet blei levert frå FMV til reiarlaget i 2014.

 – Marinus Aquaservice vart etablert i 2008 og held hus i Urangsvåg på Bømlo. Reiarlaget er totalleverandør av fartøystenester til havbruksnæringa, og har mellom anna omfattande erfaring med ROV oppdrag, no og med boring. Dei er kjent for å få jobbane gjort, har 20 tilsette og eig tre båtar, inkludert FMV208 «Restless Challenger», levert av FMV i 2014. Fartøya opererer over hele Vestlandet, skriv FMV i ei pressemelding.

Gode erfraringar med FMV
Dave Ole Eidet i Marinus Aquaservice ser behov for eit nytt fartøy som mellom anna skal ta dei tyngste taka. Erfaringane med «Restless Challenger» er gode, og derfor kontraherast no eit nytt fartøy i klasse Sørfonn.  FMV231 får auka motorpakke og krankapasitet, pluss installert slepekrok i høve til «Restless Challenger». 

Begeistra
FMV er svært begeistra for å få lov til å bidra til at MAS fortset si gode utvikling. Samarbeidet under bygginga av FMV208 var godt, og det kjem til å gjenta seg. Byggetida er relativt kort, men alt arbeid skjer på FMV, og det gir gevinstar både med omsyn til leveringstid og kvalitet. 

FMV231 vert det tiande fartøyet av dette designet. Driftserfaringar frå dei seks reiarlaga som opererer desse båtane viser at dette er velbygde og solide fartøy med stor kapasitet, fleksibilitet til å løyse både nåværande og nye behov som oppstår og god driftsregularitet.   

FMV og Heimli design
FMV har saman med Heimli as lagt ned mykje arbeid i utviklinga av ein designserie arbeidsbåtar som gjev reiarlaget valfridom med omsyn til kapasitet og funksjonalitet. Innan katamaranskrog tilbyr dei seks ulike design. Tre av dei har dei sjølv utvikla, og kvart design kan konfigurerast og tilpassast behovet til reiarlaget. Dette gjev reiarlag og kundane deira mulegheit til å få båtar som er tilpassa oppgåver og driftsmønster, noko som gir konkurransefordelar.

Heile design- og byggeprosessen skjer på Fitjar, det aukar fleksibiliteten, leveringssikkerheita og kvaliteten i bygginga. FMV viser fram ulike design under bygging på Fitjar, i tillegg til at dei har stand på Nor-Fishing messa i Trondheim i august.