Ole Bergesen, Øystein Kloster, Hanne Mellingen,Hans Morten Hansen, Terje Træet og Ole André Westerheim leverte ein kjekk revypremiere. Foto: Arne Vestbøstad

 

Heimesiger og full fyr i teltet

 

Trampeklapp og overraska blikk på klokka, at det heile var over allereie, vitna om at årets sommarrevy på Fitjar fall i god jord.

 

 

Årets revy verka verkeleg til å vera eit overskotsprosjekt frå ein gjeng i fyr og flamme. Dei skal ha ros for å våga å vera seg sjølv, ta tydeleg utgangspunkt i den kvardagen dei kjenner, nemleg Fitjar og dei profilane ein trass alt har her, og gjera noko universelt løye ut av den. Ein treng ikkje vita nøyaktig kven alle poenga er basert på, men sjølvsagt hjelper det. Trekka som blir forstørra til karikaturar er så gjenkjennelege at dei treff også utanfor dei noverande kommunegrensene. Og akkurat det med kommunegrenser dukka opp i fleire nummer i revyen. Profilerte politikarar frå kommunedebatten, som Helge André Njåstad, Harry Herstad og Wenche Tislevoll fekk sine minuttar med meir eller mindre tilskrudde skråblikk frå scena.

 

Det stokka seg heilt for Posten då dei fekk i oppdrag å levera ein hest til Helland, til høglydt knegging frå publikum. Foto: Arne Vestbøstad

 

Dette var 17. gongen i strekk det er sommarrevy på hotellet. Etter kvart har sjølve arrangementet blitt ei merkevare for Fitjar. Og publikum kjem att år etter år. Det same gjer også nokre av innslaga. I år gjorde «doktor Eikeland» comeback, og publikum responderte med jubel og applaus då han kom inn på scena. Kanskje var det for siste gong, sidan han sluttar til sommaren. Det i seg sjølv er ein grunn god nok til sjå årets revy. For scene-karakteren leverer i bøtter og spann, til og med med frekke hofterøyrsler og andre fakter ein lyt ut i verda for å finna maken til. Også den grovkorna «Fitjarbuen» fekk det til å blafra i sideveggene på revyteltet.

 

«Sigurd André Maraas» og «Helge André Njåstad» song om visjonane om ei bru over Bjørnafjorden, her ved Ole André Westerheim og Øystein Kloster. Foto: Arne Vestbøstad

 

Revyen er rolpete, utan å vera rølpete. Det er flinke folk som står bak og som veit kva dei balar med. Særleg kjekt er det at ein har så gode vokalistar som ein har. Både Øystein Kloster og Ole André Westerheim er flinke til å syngja, og får songane ut til publikum, med kvalitet. Det var eit fint grep at revyen i nokre nummer flytta passande delar av handlinga ned frå scena og tok i bruk rommet ute i teltet. Skal ein først spørja folk «Bala du me»?» bør ein jo helst gå og spørja nokon ute i benkeradene, og ikkje berre dei ein har øvd på revy saman med dei siste vekene.

 

Ordførarane «Wenche Tislevoll» og «Harry Herstad» tok for seg prosessen rundt kommunesamanslåinga. Og av ein eller annan grunn fekk Stord-ordføraren stadig lenger nase… Som ein ser, er dette heilt i starten av nummeret med Ole Bergesen og Øystein Kloster. Foto: Arne Vestbøstad