Hektisk i feltet til Laksevåg i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Endeleg heimesiger til A-laget

Fitjar vann heilt fortent 3-1 over Laksevåg laurdag ettermiddag, og kunne med det bokføra årets første heimesiger.

Heimelaget i Fitjar Idrettspark var det klart beste laget, og denne gongen stod dei kampen betre enn dei har gjort tidlegare i år. Ved pause stod det 0-0 etter at Fitjar hadde hatt full kontroll heile omgangen, bortsett frå ein ti minutts periode. Førsteomgangen baud på fleire fine sjansar frå Fitjar, og skot i stolpen ved Thomas Vestbøstad Waage og i tverrliggjaren ved spisskollega Jonas Tislevoll.

 

Allereie etter 12 minutt låg ballen i Laksevåg-nota, men Jonas Tislevoll blei korrekt avvinka for offside. Jonas blei spela fint gjennom av dagens Fitjar-spelar, Kjell André Thorland, som viste fleire fantastiske detaljar. Ingen mann på dette nivået kan måla seg med Kjell André når det gjeld sidesyn og tyngdepunkt. Berre eitt minutt seinare kunne det igjen ha stått 1-0, men skotet frå Thomas V. Waage gjekk i stolpen. Storscoraren til Fitjar hadde ein ny aktiv dag på topp, og hadde fleire fine forsøk. Og 10 minutt før pause slo han fint til spisskollega Jonas Tislevoll, som òg hadde ein god dag, men skotet gjekk i tverrliggjaren 

 

Alt i alt var Laksevåg heldige som kunne gå til pause med 0-0. Om me vel å sjå vekk frå ei skummel hand inne feltet til Fitjar etter ein halvtimes spel … Då kunne nok dommaren ha dømt straffe. Men heldige var laksevågarane iallfall ikkje i byrjinga av andre omgang. Torbjørn Korsvik kom opp og heada ein corner mot mål. Ballen gjekk rett i hendene på juniorkeeperen Benjamin Ihlen-Hansen, som slumsa ballen mellom fingrane sine og i mål. Trist for den unge Laksevåg-målvakta, men desto kjekkare for Fitjar, og Torbjørn Korsvik, som nesten hadde gløymt korleis det var å scora mål. 

 

I dag såg Fitjar-spelarane ut til å ta betre grep i andre omgang, og heldt fram med å dominera. Men gjestene var på farlege besøk i feltet til Fitjar. Etter eit kvarters spel fekk Christian Moe altfor god plass ved bakre stolpe på corner, og kunne scora sikkert. Fitjar-spelarane let seg ikkje bringa ut av fatning denne gongen, og brukte berre eitt minutt på å ta leiinga igjen. Thomas Vestbøstad Waage fekk ballen frå spisskollega Jonas Tislevoll og scora frå 12-15 meters hald. 

 

Vel eit kvarter før slutt kunne kampen blitt avgjort då innbytar Sebastian T. Thomassen blei spel fint fri og kom åleine mot Laksevåg-keeperen, som kom ut på 22 meters hald. Han gjorde det alle keeperar gjer i den situasjonen, felte Sebastian, og fekk velfortent raudt kort. Dermed hindra han Fitjar i å ta livet av kampen med 3-1. Men det skulle visa seg at det blei tungt for Laksevåg å spela siste kvarteret med 10 mot 11 mann. 

 

Kjell André Thorland heldt fram med å dominera, og 10 minutt før slutt måtte den nye Laksevåg-keeperen, Jan Erik Askeland, strekkja seg i all si lengd for å redda eit skot frå den elegante midtbanemannen til Fitjar. Eit kjempeskot og ei glimrande redning. Berre eit minutt seinare låg ballen i mål, etter ei fin heading av innbytar Sebastian T. Thomassen, men målet blei annullert då dommaren meinte Laksevåg-forsvararen blei dytta. Kampen blei ikkje avgjort før det var vel fem minutt igjen av kampen. Badi Hurasi fekk ballen frå Jonas Tislevoll, og scora sikkert frå kort hald, utan sjanse for Askeland i Laksevåg-målet.

 

Etter 3-1 over Laksevåg kunne Trond Henriksen og Kjell Træet endeleg smila i skjeggstubbane over ein heimesiger i årets 5. divisjon. Bestemann på banen var, som så ofte før, Kjell Andre Thorland. Elles var Jonas Tislevoll og Tomas V. Waage positive med mange friske løp. På plussida noterte me at laget ikkje sleppte seg nedpå i andre omgang, slik me har sett mange gonger i vår. Sjølv om det mangla noko på presisjonen, gjennomførte heile laget ein bra kamp, og kunne innkassera ein velfortent siger.

 

Når poenga frå Rosendal-kampen blir registrerte, kjem Fitjar opp i 13 poeng på tabellen i 5. divisjon, med ein viss avstand til dei fem-seks laga som kanskje er i ferd med å bli hekta av. Førstkomande fredag er det bortekamp mot Halsnøy, og neste heimekamp er 10. juni mot Flaktveit. 


Thomas Vestbøstad Waage viser seg stadig som ein skummel mann. Foto: Kjetil Rydland.


Dommaren Simen Erdal Ones viser ingen nåde, drar fram det raude kortet og viser ut dagens mest uheldige, Laksevåg-keeperen Benjamin Ihlen-Hansen. Foto: Kjetil Rydland.


Badi Hurasi hadde fleire fine forsøk, og avgjorde til slutt kampen med 3-1 då han overlista Jan Erik Askeland, som kom inn då Laksevåg fekk utvist keeperen sin. Foto: Kjetil Rydland.


Kjekt å vera Jonas Tislevoll etter heimesiger og to målgivande. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Laksevåg 3-1 (0-0)
Fitjar Idrettspark
Laurdag 28. mai kl. 15.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Publikum: 100

Mål: 1-0 Torbjørn Korsvik (48), 1-1 Christian Moe (60.) 2-1 Thomas Vestbøstad Waage (61.),  3-1 Badi Hurasi (84.)

Gule kort: Erlend Haugland (12.) og Arne Gleditsch (47.), Laksevåg; Sander Tverborgvik (41.), Fitjar

Raudt kort: Benjamin R. Ihlen-Hansen (74.), Laksevåg 

Dommar: Simen Erdal Ones, IL Sandviken

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, André Helland, Torbjørn Korsvik, Nils Ingard Tislevoll, Sander Tverborgvik, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Mats Westvik (Arild Fitjar Waage 85.) Badi Hurasi (Marius Helland Storebø 86.), Jonas Tislevoll, Thomas Vestbøstad Waage (Sebastian T. Thomassen 67.).