Oselvar-entusiastar gjestar Fitjar

Oselvarentusiastar: Båt t.v: Rolf Ryttvad og Elin Flindt. Båt bak: Bjørn og Turid Thomassen. Båt framme t.h., Kjell Haukås, Frank Jensen og Arve Berg. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tre nydelege oselvarar låg i dag til kai på Fitjar. I morgon skal dei roast til Brandasund og få erfare øyparadiset i Fitjarøyane.

Den bra vaksne gjengen som skal ro dei, er oselvar-entusiastar frå Bergen. Felles for dei er at dei elskar oselvaren og likar kvarandres selskap.

8-10 år
Det starta for 8-10 år sidan. Elin Flindt og Rolf Ryttvad kom over ein plakat  der Bergen Turlag reklamerte for Tysnes rundt. Dei tok kontakt og fekk vere med som mannskap på venjabåten frå Rosendal. Under arrangementet møtte dei Turid og Bjørn Thomassen som dei så fann ro-fellesskap med. Seinare har Frank Jensen, Grethe og Arne Berg – og Kjell Haukås komne til.

I morgon går altså roturen frå Sjøsio i Fitjar sentrum til Brandasund. Her skal dei overnatte i fyrvaktarbustaden på Slåtterøy fyr før dei ror tilbake til Fitjar, lastar opp oselvarane på bilar – og tek turen tilbake til Bergen.

Mange turar
Det har etter kvart blitt mange turar for denne roglade gjengen. Ikkje alle har vore med på alle turane. På dei første var det berre Elin Flindt og Rolf Ryttvad  og Turid og Bjørn Thomassen som rodde. Men tek me for oss dei siste åra som døme, kan me nemna at dei i 2015 rodde Rosendal-Odda rundt Folgefonnhalvøya  i 2014 Bergen – Lærdal,  i 2013 Os – Austevoll og at turen i 2012 gjekk  Øygarden med Nautnes som fast utgangspunkt.

Plussord i kø
Når denne gjengen skal beskrive korleis det er å ro oselvar står plussorda i kø: sjarm, helsefremjande, god kontakt med naturen og meistringskjensle.

– Oselvaren har same utforming som vikingskip, han er smekker, glir lett i sjøen, held båt- og kystkulturen i hevd, kjem fram der motorbåtar må gje tapt og er kontaktskapande. 

– Om me kjem inn i ein hamn der det ligg båtar i millionklassen i fleng, er det våre båtar som får merksemda, smiler dei, til slutt.

I farta. Som ein ser er det to færingar og ein seksæring.Foto: Håkon C. Hartvedt