Kjekk utedag ved Storavatnet

Foto: Sigbjørn Aarland

I strålande vårver var Øvrebygda skule ved Storavatnet nede ved Tislevoll. På førehand hadde me sett ut garn. Elevane vart delte inn i seks grupper, og dei fekk vera med på tre ulike aktivitetar. Me fekk god hjelp av foreldra, slik at dagen vart vellukka på alle måtar.

Utan hjelp frå dei hadde det vore vanskeleg å tilby så mange kjekke aktivitetar.

Me hadde og ein positiv grunneigar som gav oss lov å nytta området.

Me hadde seks ulike aktivitetar. Kvar elev fekk vera med på tre av aktivitetane.

1. Laga mat

2. Aktivitetar i skogen

3. Kanopadling

4. Natursti

5. Leikar

6. Dra garn

Me fekk 24 aurar og 7 røyer av god kvalitet. Noko av fisken vart grilla, og fall i god smak hjå elevane. Dette var ein flott dag som freistar til gjentaking!

Foto: Sigbjørrn Aarland