Anders i gul crosskart 612 i aksjon i Sverige, her eit hestehovud framfor Per Goodison. Foto: Privat. 

Vellukka crosskarttur til Sverige

Strand Motorsport har tradisjonen tru vore til Høljes i Sverige og køyrt crosskart, denne gongen med ny førsteførar.

Den nye førsteføraren heiter Anders Halleråker Strand, og er son til den norske meisteren Ingve André Strand frå Søre Stølen og Tislavoll. Det er slett ikkje første gongen Anders er i Høljes, ein god halvtime over svenskegrensa ved Flisa. Men då har han køyrt i dei mindre klassane, medan pappa har køyrt flaggskipet på 650 ccm.

Sist helg avvikla MK Finnskoga 1. runde i årets NEZ Cup og 2. runde i SM i crosskart på banen i Høljes. Detter er ein liten plass, med sine 140 innbyggjarar berre litt større enn Tislavoll. Men dei har stor aktivitet på motorbanen sin, og seinare i sommar ventar dei 50 000 motorsportelskarar til VM-runden i rallycross. Førre helg stod heile 220 kartar stod på startstreken, av desse var rundt 40 i den største klassen. Her fekk såleis den ferske førsteføraren måla krefter med dei skarpaste førarane frå både Noreg, Sverige og Danmark. Vinnar blei Mads Pedersen frå Danmark, medan Anders enda på 21. plass til slutt.

Både Anders sjølv og faren seier seg godt fornøgde med innsatsen, etter kjøremessig framgang etter den første NM-runden, som gjekk av stabelen i Vikedal førre helg. I eitt av dei innleiande heata i Sverige blei Anders nr. 2, han leia lenge, men til slutt kom det ein svenske og slo han. Totalt heldt det til ein plass i D-finalen etter tre heat. Her kjempa Anders lenge om sigeren, før det til slutt blei andreplass. Dermed var han kvalifisert for C-finalen, der han hamna i køen, på 7.-plassen.

Det var vanskelege køyreforhold på søndagen, regnet gjorde det vanskeleg under finalane. Anders fortel at han «roll-offen», køyrebrillene rauk, og eit stund såg han ingen ting. Men han fekk klort seg til mål, og er fornøgd med framgangen. 

Både far og son Strand er fornøgde med at ungdommen fekk køyrt mykje i helga. – Det er det som skal til for å komma opp på nivået til dei beste, seier den tidlegare norske meisteren Ingve, og minner om at han køyrde i fleire år før han nådde heilt opp. – Det er lettare å halda seg, om ein først har kome opp på dette nivået, legg Ingve til.

Karten fungerte veldig bra, seier Ingve, men litt justeringar blir det nok før neste løp. Det er berre snakk om småting som støydemparar og sporvidde osv. Neste løp blir NM-runden på Bjorli Motorsenter om ei veke, laurdag 4. juni. I tillegg til hjelpesmann Fredrik Helland vonar dei å få med fleire supporterar frå Fitjar til Nord-Gudbrandsdalen.